Hopp til innhold

Dykkar: – Det er heldigvis ikkje kvar dag dette skjer

Tre dykkarar, ein bilbergar og to ballongar måtte til for å få ein bil opp av Lovatnet.

Sjå video av redningsarbeidet.

Sjå video av redningsarbeidet. Video: Dykkerfirma O E Hagen.

Turistane som onsdag hadde samla seg rundt Lovatnet fekk eit uvanleg syn. Dagen før hadde ein bil trilla mellom to telt og rett ut i vatnet. Over eitt døgn etter hendinga fekk dykkarar jobben med å få bilen på land.

Ida Lande og kjærasten Robert Alan Moltu fekk uhellet på video. Dei skulle ta seg eit bad medan bilen kom rullande forbi. Det var Sunnmørsposten som først skreiv om saka.

– Det er heldigvis ikkje kvar dag dette skjer, seier dykkar Olav Erik Hagen.

Tre dykkarar og ein bilbergar måtte til for å få bilen land frå 14 meters djupne. Bilen låg knotete til, så dykkarane måtte blant anna bruke to ballongar som til saman kan løfte 2000 kilo.

Politiet sa at uhellet skjedde då bilen blei parkert for å slå opp telt ved Lovatnet. Kort tid etter trilla bilen mot vatnet, og eigaren forsøkte å stogge han utan hell. Folk strøymde til for å berge bilen, men etter fem minuttar sokk han.

Dykkar Hagen fortel at eigaren ikkje fekk med seg redningsarbeidet.

– Dei måtte truleg avbryte ferien sin. Utan bil og bagasje reiste dei nok heim, seier han.

– Kva skjer vidare med bilen?

– Ein bil som har vore i vatnet er vel ikkje så mykje ha, så den blir vel vraka reknar eg med, seier Hagen.