Skulle berre filme naturen – så kom bilen susande ned i vatnet

Kjærasteparet ana fred og ingen fare. Så kom det ein bil trillande bak dei.

– Me var redde for at nokon var inne i bilen, seier Ida Lande som filma den dramatiske hendinga. Saman med kjærasten Robert Alan Moltu vart ho vitne til at ein bil trilla rett ut i vatnet, få meter frå dei.

Det var Sunnmørsposten som først skreiv om hendinga.

Det var tidleg tysdag morgon at det unge kjærasteparet frå Herøy, som hadde overnatta på Helset Camping i Lodalen i Stryn, bestemte seg for å ta seg eit bad i det fine sommarvêret.

– Me filma rundt sjøkanten medan me stoppa opp ved nokre andre turistar, seier Lande.

Ida Lande og Robert Alan Moltu

PÅ CAMPINGTUR: Ida Lande og Robert Alan Moltu gjekk seg ein roleg tur langs vatnet då ein bil trilla bak dei og ut i vatnet.

Foto: Privat

Plutseleg høyrde dei eit smell, og nokon som ropte høgt.

– I det me snur oss så ser me at bilen kjem rullande ned mot vatnet. Me fekk heilt sjokk, seier ho.

Frykta det verste

Paret som først frykta at nokon var inne i bilen, fortel at dei vart svært letta då dei forstod at dette ikkje var tilfellet.

– Dei som hadde vore i bilen hadde gløymd å setje på handbrekket, seier Lande.

Folk strøymde til i forsøk på å berge bilen, men etter fem minuttar sokk bilen ned i vatnet.
Trass i at bilen sokk, meiner Robert Moltu at det kunne gått mykje verre.

Bilen som ligg i vatnet

MIDT UT PÅ VATNET: Bilen som kom i susande fart hamna godt ute på vatnet.

Foto: Zrinka Wergeland

– Det var veldig små marginar. Bilen gjekk mellom to telt som låg ganske tett mellom kvarandre. Det er eit mirakel at ingen vart skada eigentleg, seier han.

Hamna på djupet

Operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt bekreftar at ingen var i bilen då då bilen susa ut i vatnet.

– Det som sannsynlegvis har skjedd er at eigar skal ha parkert bilen, og starta å slå opp telt. Då bilen byrja å trille forsøkte han å stoppe den, men det gjekk ikkje, seier han.

Hausvik kan fortelje at bilen til slutt hamna på 13 meters djup. Operasjonsleiaren er usikker på kor vanleg det er med slike hendingar.

– Vi får håpe det ikkje skjer så ofte, seier Hausvik.