Drøymer du om å bli programleiar?

Til alle dykk som går med ein programleiar i magen: Vi loddar ut jobben i samband med årets TV-aksjon.

Tone Merete Lillesvangstu og Stian Sjursen Takle

GI BUD: – Om du vil stå opp tidleg og vere med Stian på jobb, eller stå opp seinare og vere med meg, så skal vi finne ut av det, seier Tone Merete Lillesvangstu og Stian Sjursen Takle.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– God morgon, Sogn og Fjordane!

Frasen framfører ein av programleiarane våre kvar einaste kvardag, og no skal vi la ein heilt ny programleiar prøve seg.

Det kan bli deg.

I samband med TV-aksjonen auksjonerer vi bort ei programleiarstilling for ei sending. Vi oppfordrar absolutt alle til å «søke». Den som får tilslaget får leie sendinga saman med ein av våre faste, trygge programleiarar.

– Vi skal syte for at alt blir lagt til rette, slik at dette blir kjekt. Nokre styrer det tekniske, eg kan koke kaffi om det er behov for det, så ingen treng vere redde, seier Stian Sjursen Takle.

Saman med Tone Lin Støfring Skovro har morgonverten sendt frå toppen av Skåla, bybussen i Førde og ei rekkje andre stader i det vakre fylket vårt. Han er ikkje framand for ta med seg miksebord og mikrofonar ut på vegane igjen. Då innanfor fylkesgrensene.

– Vil nokon ha oss heim, eller til bedrifta di, så kjem vi dit. Har du fiber/4G-dekning og kaffi, så ordnar vi resten, seier Takle og Tone Merete Lillesvangstu nærast i kor.

For sistnemnde er klar på at det ikkje berre er privatpersonar som kan leggje inn bod. Auksjonen føregår på nettsida auksjonen.no, og bodfristen er midnatt søndag.

– Kanskje er du sjef og har nokre i staben som er knakande festleg og hadde passa godt på radio? Spør vedkommande og sleng inn eit bod for bedrifta di, seier Lillesvangstu.

Dei som fryktar den tekniske biten med å avvikle ei sending, kan berre senke skuldrene og ta det med ro.

– Du blir ikkje åleine. Vi gir ikkje frå oss spakane heilt enno, smiler Lillesvangstu.

Takle seier at den som vinn bodet, vil kunne vere med å forme sendinga i stor – eller liten grad. Alt etter eige ynskje.

– Heile poenget er å lage ei god stemning for lyttarane våre, ei god sending med fint innhald. Kanskje kan du intervjue nokon, introdusere saker eller snakke om noko som engasjerer deg, seier han.

Inntektene til årets TV-aksjon går til Care sitt arbeid for å skape eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område.

– Saka er så god, at sjølv om dette ikkje er draumejobben din, gi og bli med. Vi skal legge til rette for at dette blir ei god oppleving uansett, forsikrar Lillesvangstu.