Hopp til innhold

Her kan du ta turen til Skåla frå godstolen – minutt for minutt

Drøymer du om å gå på Skåla? Eller har du vore der og vil gjenoppleve turen? Då kan du sjå heile turen – minutt for minutt – her.

UT PÅ TUR: Her kan du sjå heile den seks timar lange turen frå Tjugen og opp på toppen av Skåla.

Fredag sende programleiarane våre, Stian Sjursen Takle og Tone Lin Støfring Skovro, heile morgonsendinga frå toppen av Skåla. Dei gjekk opp torsdag vart heile turen filma av fotograf Kaia Johnsen Viki og sendt direkte på nettsida vår. Med på turen oppover var gjester, og så vart det mange fine pratar med turgåarar programleiarduoen møtte på veg oppver.

Stian Sjursen Takle og Tone Lin Støfring Skovro.

PÅ TUR: Stian Sjursen Takle og Tone Lin Støfring Skovro gjekk minutt for minutt til Skåla.

Kan berre sende ein dag i året

Draumen om å sende frå Skåla har dei to hatt sidan mai – eller kanskje enno tidlegare enn det. Men det er berre to dagar i året ein kan sende frå toppen.

– Vi kan gjere det denne fredagen for då er det dekning heile vegen i samband med at det blir arrangert Skåla Opp laurdag 17. august.

Det blir mange gjester med i sendinga sjølv om det er langt frå alle som kan komme seg til Skåla.

Skålatårnet.

IKON: Skålatårnet er eit populært fotomotiv for fjellvandrarar.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Fleire gjester frå Skåla

Før dei starta å gå det som vert kalla noregs lengeste motbakke, sa Skovro og Takle dette om sendinga, som du kan høyre i opptak i lenkja øvst i denne saka.

– Skåla er jo bemanna med hyttevert om sommaren. Så vi skal høyre kva oppgåver ein hyttevert har. Så har vi ein familie som skal gå opp for å overnatte. Der har yngstemann i familien ei stor oppgåve på laurdag i samband med Skåla Opp som vi skal øve på, fortel Støfring Skovro.

I tillegg er det masse turistar som overnattar både i Skålatårnet og Skålabu, og vi skal naturleg nok innom Skåla Opp.

– Vi skal ha med mange gjester på veg opp til Skåla, og vi tar gjerne imot fleire. Så det er berre å bli med. Vi er lett synlege så det er berre å hive seg med, seier Sjursen Takle.

Skålabu på Skåla.

SKÅLABU: Den nyaste hytta på Skåla, og nabo til Skålatårnet, der Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursten Takle skal overnatte før sendinga.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK