Hopp til innhold

Bilførar hadde amfetamin i blodet då han køyrde ned to kvinner

Bilføraren som køyrde ned og drap to kvinner i Kjølsdalen i romjula hadde det narkotiske stoffet amfetamin i blodet.

Bilulukke Kjølsdalen

FÅR IKKJE TILBAKE FØRARKORTET: Den drapstiltalte sjåføren får ikkje tilbake førarkortet enno. Det har Sogn og Fjordane tingrett bestemt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det kjem fram i ei rettsavgjerd frå Sogn og Fjordane tingrett, der retten har bestemt at mannen i 50-åra ikkje får tilbake førarkortet. I rettsdokumenta blir det vist til at føraren var påverka av amfetamin og det roande stoffet klonazepam då ulukka skjedde.

Mannen er sikta for aktlaust drap etter at to kvinner omkom i ein påkøyrsel på ein gangveg i Eid kommune 27. desember i fjor.

Siktinga blei for litt sidan utvida til å også gjelde køyring i ruspåverka tilstand.

– Den sikta har gitt ei forklaring i tre timar der han har svart på spørsmål. Han har òg gitt ei forklaring på kva samanheng dette kan ha, uttaler forsvararen til den sikta, Oscar Ihlebæk.

Han ønskjer ikkje å kommentere saka utover dette.

Lensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, ønskjer ikkje å kommentere dei nye opplysningane på noverande tidspunkt.

Får ikkje tilbake førarkortet

For nokre dagar sidan blei det kjent at mannen i 50-åra ønskte å få sertifikatet tilbake av praktiske omsyn.

Tingretten kan ikkje sjå at praktiske og økonomiske forhold skil seg frå utfordringane andre personar i distriktet opplever dersom dei mister førarretten eller førarkortet. Retten meiner omsynet til trafikktryggleik og likebehandling må vege tyngst.

Retten konkluderer med at førarkortet til den sikta skal haldast beslaglagt, men ikkje lenger enn til 10. januar 2020 om det ikkje har kome ny rettsavgjerd i mellomtida.

Meiner saka har teke lang tid

Ihlebæk har tidlegare uttalt til NRK at han meiner saka har teke for lang tid.

– Eg synest det er beklageleg, ikkje minst av omsyn til dei er pårørande. Det er beklageleg for alle partar at denne saka har hatt ein sein framdrift.

Det var ikkje lensmann Tormod Hvattum samd i.

– Etter vårt syn har ikkje saka teke lang tid. Politiet har vore ferdig med dei etterforskingsstega som vi stort sett rår over, og vi ventar på eksterne rapportar, Vi snakkar om tre månader, og det relativt kort tid i den samanheng, uttalte han til NRK.