Dramatisk fall i rutilprisen dei siste åra

Prisane på rutil, mineralet som Nordic Mining vil drive ut frå Engebøfjellet, har falt frå 2400 dollar per tonn i 2012 til litt over 800 dollar i 2015.

Rutil ny

KRAFTIG NEDGANG: Prisane på mineralet rutil har falle kraftig dei siste åra.

I kalkylane til dei omstridde gruveplanane har ein lagt til grunn 1000 dollar per tonn rutil, no er prisen nede i 800 dollar.

Men direktør i Nordic Mining Ivar S. Fossum trur prisane vil auke i tida som kjem. Selskapet meiner Engebøgruva sjølv med dagens prisar kan vere lønsam.

– Alle prosjekt har smertegrenser for kva som er lønsamt, men vi er trygge på at prisbiletet vil halde seg solid framover. Norge er eitt av kun to land i Europa med forekomst av rutil, seier Fossum til NRK.

Medan politikarar og naturvernarar har krangla om Førdefjorden, har prisen på rutil som skal utvinnast frå Engebøfjellet blitt redusert til berre ein tredjedel av toppnivået for få år tilbake.

Dermed kan prosjektet gi mindre framtidig avkastning enn tidlegare trudd for investorane.

Meiner nye rapportar støttar ha til fjorddeponi.

OPTIMIST: Ivar S. Fossum har stor tru på mineralforekomstane i Engebøfjellet, trass prisfallet.

Foto: Montasje NRK

Råvareprisar går ned

I 2012 var prisen på over 2400 dollar per tonn, no er prisen i overkant av 800 dollar i fylgje Nordic mining sin kvartalsrapport. På same tid har det meste av råvareprisar gått kraftig ned på verdsmarknaden.

Nordic mining legg sjølve til grunn ein pris på 1000 dollar tonnet i sine investeringskalkylar, men trur på langsiktige snittprisar på 1200 dollar. Ivar Fossum seier gruva uansett vil løne seg økonomisk.

– Prosjektet lar seg rekne heim også med dagens prisar, men no er det uansett endå ei stund til vi er klare. Vi ynskjer sjølvsagt eit prosjekt som er så robust som råd, og som toler svingingar i prisen, slår Fossum fast.

Ikkje uroa over prisutviklinga

I vår godkjente Solberg-regjeringa dei naudsynte utsleppsløyva slik at avfallsmassene frå Engebøfjellet kan deponerast i fjorden.

Naustdal-ordførar Håkon Myrvang frå Ap har på vegner av kommunestyret lenge ivra for gruveprosjektet, han tek prissvingingane med ei viss ro.

– Sjølve forretningsdrifta er jo ikkje kommunen sin sak, men råvareprisar vil jo alltid svinge opp og ned. Vi gler oss til at prosjektet kjem i gang om fire år, seier ordføraren.

Leitar også etter ny kapital

I desse tider leitar Nordic mining etter frisk kapital, selskapet vil elles vere tom for pengar ved årsskiftet, i fylgje nettstaden E24.

Pengar trengst i åra som kjem, investeringa i fullskala gruvedrift kan bli så mykje som 2,4 milliardar kroner i fylgje selskapet. Både gevinsten og risikoen kan altså vise seg å vere stor.

– Store industriprosjekt handlar om å ta ned risiko, og det skal vi gjere fram til anlegget er i drift, seier Ivar S. Fossum.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.