NRK Meny
Normal

Statsbudsjettframlegget trugar framtida til 4H

4H kan bli kasta ut av lokala sine, og organisasjonen kan få dramatiske millionkutt som følgje av regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett.

Teltleiren på 4H sin fylkesleir

I FARE? Den årlege leiren er ein av aktivitetane til 4H.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Regjeringa går inn for å avvikle ordninga med at 4H har gratis kontorlokale hjå fylkesmennene. I tillegg kan regjeringa på sikt fjerne all økonomisk støtte til organisasjonen, totalt 6,5 millionar kroner.

Dagleg leiar Åge Avedal i 4H Sogn og Fjordane er skuffa og bekymra.

– Eg synest det er veldig trist. Vi er barne- og ungdomsorganisasjonen som jobbar til dagen med å introdusere landbruk, primærnæringar og entreprenørskap for barn og unge. Tek samarbeidet slutt trur eg vi vil misse veldig mykje.

Åge Avedal

- VELDIG TRIST: Dagleg leiar Åge Avedal i 4H Sogn og Fjordane.

Foto: Birger Meland / NRK

– Frontalangrep på bygde-Norge

Framlegget til statsbudsjett blei alt anna enn ein opptur for 4H. Organisasjonen har klubbar over heile landet for barn og unge der dei lærer seg styrearbeid og praktiske aktivitetar utandørs.

4H er særleg aktive på bygda, i Sogn og Fjordane åleine finst det 75 klubbar. Over heile landet har dei delt lokale med fylkesmennene sine landbruksavdelingar på grunn av historisk tradisjon for tett samarbeid.

Men i framlegget til statsbudsjett vil kommunalminister Jan Tore Sanner kaste dei ut frå desse lokala.

Det meiner stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet er småleg.

– Det er ikkje tvil om at vi har ei regjering som går til frontalangrep på bygde-Norge.

Paul Chaffey

- URYDDIG: Statssekretær Paul Chaffey i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Foto: Torbjørn Tandberg / KRD

Kan bli krise i 2016

I tillegg varslar landbruksminister Sylvi Listhug kutt i støtta på 400.000 kroner. I budsjettet står det òg at det ikkje blir inngått nye samarbeids- og støtteavtalar neste år, det betyr at i 2016 kan 6,5 million kroner i støtte til 4H på landsplan forsvinne, fryktar Avedal.

– Då er det snakk om krise.

– Uryddig

Landbruksminister Sylvi Listhaug som er ansvarleg for overføringane vil ikkje kommentere saka, medan statssekretær Paul Chaffey i Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier 4H skal ut av staten sine lokale fordi det verkar uryddig å ha dei der. Han er redd for at dei kan kike forvaltninga i korta.

– Fylkesmennene er ein del av statsforvaltninga og skal vere uavhengig, og det er veldig viktig at det blir teke i vare på ei slik måte at det ikkje er mistanke om at det er innblanding eller påverknad frå andre.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen