Hopp til innhold

I helga var over 250 unge 4H-arar samla til fylkesleir i Steinavågen

I helga var rekordmange ungdomar samla på 4H sin årlege fylkesleis. I år var den ved Steinavågen i Flora, og på programmet stod blant anna golfballkasting og vedstablekonkurransar.

Det er ikkje berre berre å stable ved under tidspress. Sjå korleis vedstablingskonkurransen på 4H leiren gjekk.

SJÅ VIDEO: Det er ikkje berre berre å stable ved under tidspress. Sjå korleis vedstablingskonkurransen på 4H-leiren gjekk.

– Det er kjempemoro, seier to av deltakarane, Kevin og Ola.

– Me kan vera med vener og treffe nye folk. Men det var litt kaldt i natt, så me sov ikkje så mykje.

Over 250 ungar og ungdomar var samla til den årlege fylkesleiren, som i år var i Steinavågen i Flora kommune.

Teltleiren på 4H sin fylkesleir

FULLT: Det var nesten ikkje plass til fleire telt i teltleiren.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Leirsjef Elin Standal kunne fredag ettermiddag nøgd konstatera at det første døgeret hadde gått bra.

– Teltområdet vart nesten for lite for det er så mange folk her, så eg er veldig nøgd med deltakartalet.

Ho har leia gruppa som har jobba med leiren eit heilt år.

– Me hadde leir her i 2007, då var det omtrent like mange som i år som var med. På leirane i mellomtida har eg fått signal om at det har vore litt færre, men eg trur ryktet har spreidd seg sidan 2007, så då vart det rekordstor påmelding i år

– Det har vore litt aktivitet her gjennom natta. Eg hadde trudd at dei vaktene som byrja klokka 04 i natt skulle få det roleg, men jammen har dei gjort litt dei også. Det har vore aktivitet her i nesten heile natt, men det blir no ofte slik, seier Standal.

4H-leir i Steinavågen

IDYLL: Det har vore strålande vêr på årets fylkesleir.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Det er kjempekjekt på leir, og eg får alltid nye vener, seier Brynjar, ein av dei andre som er samla på leiren.

– Korleis var natta?

– Eg sov eit par timar, men dei andre i teltet spelte brettspel så det var ikkje så lett. Så i dag skal eg slappa av og eg skal kosa meg resten av helga.

På 4H leiren ved Standal kastar dei ikkje berre hestesko, men også golfballar. Sjå korleis det gjerast her.

SJÅ VIDEO: Golfballkasting var ein populær aktivitet på fylkesleiren.