Det byrja å brenna etter eit lynnedslag på kraftstasjonen i Dale i dag tidleg. (Foto: Svein Ove Hansli, NRK)
Ein transformator byrja å brenna og dei tilsette ved kraftstasjonen måtte evakuerast.
Det brann i Dale i dag. (Foto: Svein Ove Hansli, NRK)
Frykta eksplosjon
Kjell Heggnes ved Sunnfjord Energi frykta ei stund at det ikkje skulle vera ein arbeidsplass å koma til.
- Det fyrste eg merka var jo straumbrot heima, og alt var mørkt gjennom heile Dale. Då eg kom på jobb var det lys å sjå, men ikkje av den trivelege sorten. Det var full fyr, og auka stadig i styrke, fortel Heggnes.
Det var sterk varme og eksplosjonsfare dei tilsette frykta. I transformatorboksen som tok fyr var det omlag 20.000 liter olja.
Vanskeleg brann
Det var ein vanskeleg brann å sløkkja, seier brannsjef i Fjaler kommune, Edvin Bøtun.
- Då me kom fram var det sterk varmeutvikling, og me fann ut at me måtte trekkja oss attende etter ei stund på grunn av tryggleiken til mannskapet, seier Bøtun.
Transformatoren var fullstendig utbrend og øydelagd etter brannen. Brannmannskapet kjølte ned brannen og sytte for at det ikkje vart oljelekkasje.