Hopp til innhold

Doserer medisinen sin sjølv

Odd Martin Ask frå Askvoll er ein av 55 i Sogn og Fjordane som kan dosere den blodfortynnande medisinen sin sjølv.

Odd Martin Ask frå Askvoll viser korleis han måler om den blodfortynnande medisinen har rett effekt.

GJER DET SJØLV: Etter kursing hjå Helse Førde kan Odd Martin Ask frå Askvoll no finne ut sjølv kor mykje blodfortynnande medisin han treng.

Sidan 2013 har Helse Førde kursa pasientar som går på blodfortynnande medisin i korleis dei sjølv kan måle effekten av medisinen og dosere den. Tradisjonelt har denne typen pasientar vore avhengig av regelmessige legebesøk for å måle effekten av medisinen og justere doseringa. For lite medisin kan føre til blodpropp medan for mykje kan føre til bløding. Ask gjorde seg tidlegare i år ferdig med kurset og er svært nøgd med at han no kan dosere medisinen sin sjølv.

– Kurset har fungert heilt fantastisk. Eg jobbar i Nordsjøen og er difor borte fleire veker om gongen, så sidan medisinbehovet kan bli endra av omgivnader, kosthald og anna så er det svært sutalaust å kunne måle effekten og slik finne rett dose sjølv.

Blir meir vanleg

– Vi vil jo ha informasjonen ut til alle det kan vere aktuelt for. Vi har vår eiga nettside der folk kan gå inn å sjekke ut tilboda våre. Folk må ta kontakt, sjølv om det er ein diagnose der vi ikkje har noko tilbod. Vi kan også vise vidare til andre så den som spør skal få svar.

Maria Ljunglöf

TA KONTAKT: Maria Ljunglöf vil gjerne at folk sjekkar ut kva kurs Lærings og meistringssenteret tilbyr pasientar og pårørande.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Kursinga i medisindosering er eit samarbeid mellom Helse Førde og Noklus, ein ideell landsdekkande organisasjon som arbeider for å forbetre laboratorieanalysering utanfor sjukehus. Maria Ljunglöf er koordinator ved Lærings- og meistringssenteret til Helse Førde. Ho trur denne typen aktivisering av pasienten er noko som i framtida vil bli brukt på fleire område og at sjukdomsmeistring vil bli stadig viktigare.

– Det er svært mange sjukdommar og problem som medisinar ikkje kan løyse, og som ein difor blir tvungen til å leve med. Det blir fleire og fleire som har slike plager og sjukdommar, og det er her vi på lærings- og meistringssenteret kjem inn.

Lærer pasientane å dosere medisin sjølv

LÆRER: Helse Førde tilbyr kurs til pasientar som går på blodfortynnande medisin, der dei kan lære å dosere medisinen sjølv. Sidan kursa starta opp i 2013 har dei lært opp 55 pasientar.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Gradvis overgang

Kurset går føre seg over 21 veker, med tre kursdagar. Bioingeniør i Noklus Kari-Anne Melvær Strømmen, fortel at opplæringa går føre seg gradvis.

– Den første kursdagen får dei utlevert måleutstyret sitt og får opplæring og på den andre går vi gjennom korleis ein skal dosere. Dei overtek gradvis ansvaret for eigen behandling.

Fordel med aktive pasientar

Kursa er ein del av Helse og Omsorgsdepartementet sitt mål om «pasienten sitt helsevesen» der målet er å gi pasientane den kunnskapen dei treng for å delta meir i eiga behandling. Overlege ved medisinsk avdeling på Førde sentralsjukehus, Rune Tilseth, fortel at det er mange fordelar ved dette.

Rune Tilseth

BETRE BEHANDLING: Rune Tilseth fortel at aktive pasientar gir betre resultat på behandlinga.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

– Når pasientar blir ekspertar på eigen tilstand og behandling får ein eit betre resultat på behandlinga, og slik som her vil nok pasientane føle seg monaleg friare sidan dei ikkje er avhengig av å kome på kontrollar med jamne mellomrom.