-Meiner du dette er bevist ut over ein kvar rimeleg tvil, spurte han statsadvokat Jan Hoel to gongar under Hoel sin prosedyre.
Og det på eit punkt som er svært viktig for Hoel når det gjeld straffeutmålinga i saka. Når Hoel legg ned påstand om høvesvis to og tre års fengsel, så er det fordi han meiner handlinga deira ligg tett opp til aktlaust drap. Då er han også nøydd til å knytte jaginga av Beheim Karlsen tett opp til dødstidspunktet. Hoel meiner at Beheim Karlsen var tvungen opp i ein panikksituasjon, og at han ikkje hadde nokon annan utveg enn å gå i elva under fotgjengarundergangen.
-Det er mogeleg at det skjedde, ja, og du meiner det er bevist utover ein kvar rimeleg tvil. Eg forstår ikkje kvifor aktor held så sterkt på at det var det som skjedde, sa Velle, som dermed pressa Hoel på dette viktige punktet.
-Kvar skulle han elles stikke unna, sa Hoel, som fekk det same spørsmålet to gongar frå formannen i retten.
Eit anna viktig punkt i rettssaka er bruken av rasismeparagrafen, der det er eit krav at dei rasistiske utsegnene skal vere spreidde blandt "allmennheten" for at dei tiltalte skal dømmast. Hoel telte opp at åtte personar skal ha høyrt den hovudtiltalte nytte ord som svarting, jævla neger og liknande.
-Er åtte personar allmennheten, spurte Velle.
- Lova er taus når det gjeld kva allmennheten er for noko. Poenget er at dei nedlatande haldningane er spreidde til ungdomsmiljøet - til den verda Arve levde i. Då er det også spreidd til allmennheten, sa Hoel.