Teaterstykke vekkjer reaksjonar Teaterstykke om Arve Beheim Karlsen vekkjer reaksjonar.Eit nytt skodespel ved Sogn og Fjordane teater som tek utgangspunkt i dødsfallet til Arve Beheim Karlsen, vekkjer sterke reaksjonar.
Ny etterforsking av Beheim Karlsen- Politiet i Sogn er i gang med ny etterforsking av Beheim Karlsen-saka. Bakgrunnen er at Riksadvokaten i vinter bad statsadvokaten vurdere om det var grunnlag for å ta oppatt saka.
Pris til Kari Beheim Karlsen Kari Beheim Karlsen frå Hafslo er tildelt "Bry deg"-prisen for 2002. Prisen vart delt ut under distriktsårsmøtet til Sogn og Fjordane Røde Kors i helga.
Opnar for ny sak Arve Beheim KarlsenForsvararen til ein av dei dømde i Beheim Karlsen-saka er svært overraska over at Riksadvokaten no opnar for ny etterforsking i saka. Riksadvokaten har bede statsadvokat Jan Hoel sjå om det er grunnlag for ei ny etterforsking etter at det har meld seg eit nytt vitne.
Ønskjer ny ankebehandling Bistandsadvokat Gunnar Solbraa meiner påtalemakta bør påkjære anke-avslaget i lagmansretten.
Misnøgd med avgjerda til lagmannsre Knut StorbergetAdvokat Knut Storberget er både overraska og misnøgd med at lagmannsretten har avvist anken i Beheim Karlsen-saka.
Ankane avviste Kva som skjedde under denne gangbrua i Sogndal har vore det sentrale spørsmålet i Beheim Karlsen-saka. No er saka avslutta.(arkiv)Arve Beheim Karlsen-saka er avslutta etter at Gulating lagmannsrett avviste ankane. Forsvarar Tor Erling Staff er overraska over avslaget, og meiner lagmannsretten avviste saka for å sleppe ei vanskeleg sak.
Også statsadvokaten ankar Statsadvokat Jan Hoel ankar dommen i Beheim Karlsen-saka. Sjølv om dei tiltalte fekk streng straffeutmåling i heradsretten, var ikkje Hoel nøgd med at dei vart frikjende etter rasismeparagrafen. Også dei to tiltalte i saka ankar dommen.
Anke i Beheim Karlsen-saka Begge dei to som vart dømde i Beheim Karlsen-saka, seier at dei vil anke straffeutmålinga. Dei to seier også at dei alt har fått forkynt at påtalemakta vil anke saka inn for lagmannsretten.