For å avgjere dette treng fyrstestatsadvokat Jan Hoel visse opplysningar. Og det har han bede politiet i Sogn om å hente inn. Politiinspektør Ronny Iden seier til Bergens Tidende at dette er ei prioritert oppgåve for dei.
Framleis uklart
I fjor vart to ungdommar dømde til eitt og tre års fengsel for vald og trugsmål og rasistisk trakasering av Arve Beheim Karlsen. Retten frifann dei for brot på rasismeparagrafen.
Under den omfattande rettssaka kom det ikkje fram kva som eigentleg skjedde under brua i Sogndal sentrum.
Nye vitneopplysingar?
Tidlegare bistandsadvokat til familien skreiv i fjor eit brev til riksadvokaten der han opplyste om at to vitne kan sitte inne med viktige observasjonar frå plassen der Arve Beheim Karsen forsvann i april 1999, før han nokre dagar etter vart han funnen død i Sogndals-elva.
Nytt håp
Målet for statsadvokaten er å finne ut om det er grunnlag for å starte saka på nytt. Familien til Arve Beheim Karlsen har sjølve pressa fram dette. Bistandsadvokat Jan Tollefsen seier dei no augnar håp om å få klarheit i kva som skjedde dei siste minutta av Arve Beheim Karlsen sitt liv.
-Meiningslaust
Dette er meiningslaust, seier forsvararen til ein av dei to som var sikta for drap på Arve Beheim Karlsen, Steffen Brandstad. Det er svært usannsynleg at det kan kome fram nye opplysningar no, seier han.