Hopp til innhold

Trur ungdom som fekk røyste har blitt meir politisk engasjerte - no vil dei søke igjen

I 2011 var Luster ein av 20 kommunar der 16-åringar fekk røyste ved kommunestyrevalet. Erfaringane er så gode at ordføraren vil søkje om å få vere med på forsøksordninga også neste år.

Valg stemmeavlukke

NYTT FORSØK: 16 og 17-åringar i 20 kommunar skal også ved kommunevalet til neste år få gje si røyst.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

– Vi var veldig godt nøgde med prøveordninga, og har berre hatt gode erfaringar med det, seier Senterparti-ordførar Ivar Kvalen til NRK.no.

Alle landets kommunar får i desse dagar brev frå Kommunaldepartementet. Der blir dei invitert av statsråden til å søkje om å få vere med i ordninga med røysterett for ungdom. Dette gjeld ungdom som fyller 16 eller 17 år i valåret når det til neste år er kommunestyreval.

Ungdomen strøymde til valurnene

Eit slikt forsøk vart første gong gjennomført ved kommunestyrevalet i 2011, og Luster var då den einaste prøvekommunen i Sogn og Fjordane.

Trass dystre spådommar, tenåringane strøymde til valurnene og i Luster var det over 80 prosent av ungdomane som brukte røysteretten sin.

(Artikkelen held fram under)

Ivar Kvalen

POSITIV: Senterparti-ordførar Ivar Kvalen seier dei berre har positive erfaringar med å la ungdomen få røyste ved kommunevalet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Viktig å engasjere ungdomen

Av dei 20 kommunane som får vere med i ordninga til neste år, skal halvparten vere kommunar som også var med i forsøket i 2011. Luster kommune bli ein av dei.

– Eg vil anbefale kommunestyret at vi søkjer om å få vere med på dette eitt år til, seier Kvalen.

– Kvifor er dette viktig å vere med på?

– Eg meiner det generelt er viktig å engasjere og mobilisere ungdom til politisk arbeid, og gje dei høve til å vere med å påverke kvardagen i kommunen, seier Kvalen.

Han har inntrykk av at ungdom sjølv er svært interesserte i å vere med å påverke, og meiner dette kom godt fram ved at dei i 2011 var kommunen med den høgste valdeltakinga blant kommunane som var med i forsøket.

Ser konkrete resultat

Men politikarane har ein jobb å gjere for å engasjere ungdomen. Tal viser at snittalderen for norske partimedlemmer går stadig oppover, frå 1989 til 2009 har det gått frå 50 til 56 år.

Det politiske miljøet slit med å rekruttere ungdom, og fylkesting for ungdom sa seinast sist veke at fleire ungdomar bør engasjere seg.

I Luster trur ordføraren at forsøket med røysterett for 16 og 17-åringar har hatt ein svært positiv effekt i så måte.

– Eg meiner dette absolutt kan vere eit positivt bidrag for å gjere ungdom meir bevisste i forhold til politisk arbeid, og kanskje også få dei til å engasjere seg i politiske parti seinare, seier han og held fram.

– I vår kommune har vi eit veldig aktiv Ungdomens kommunestyre, og ungdomspartia i kommunen har klart å mobilisere og verve nye medlemmer. Det kan godt hende at denne ordninga er ein del av grunnen for det.