Hopp til innhold

«Dei må prate enklare, ikkje bruke så vanskelege ord!»

Det politiske miljøet slit med å rekruttere inn ungdom, og norske partimedlemmar vert stadig eldre. På fylkesting for ungdom hadde ungdommen klare meiningar om kva partia må gjera for å tiltrekka seg den yngre garden.

Fylkesting for ungdom

DEMOKRATI I PRAKSIS: På fylkesting for ungdom var det mange engasjerte ungdommar. Det er ei mangelvare i det politiske miljøet som slit med forgubbing. Her Kamilla Ørnehaug Birkeland og Amanda Strandos.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Gi tydeleg beskjed om at dei er viktige for samfunnet, oppmoda Rune Nygård frå Unge Venstre.

På fylkesting for ungdom i helga på Skei var mange engasjerte ungdommar samla. Dei representerer ei mangelvare i det politiske miljøet.

Gjennomsnittsalderen på norske partimedlemmar har auka ifrå 50 i 1989 til 56 år i 2009. Det syner statistikk frå prosjektet "Politiske parti i moderne demokratier" utarbeidd ved institutt for statsvitskap ved universitetet i Oslo.

Ungdommane NRK snakka med på fylkestinget i helga oppfordra andre unge til å kome på banen.

– Eg synest det er veldig viktig at ungdommen blir meir politisk, og prøver å engasjere seg. Me som er politiske må prøver å få med fleire, seier Ragnhild Taklo frå Unge Høgre.

Eit velferdsproblem

Eg trur nok at det er eit resultat av at me har det veldig bra i dette landet.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes trur det handlar om den norske velferda.

– Eg trur nok at det er eit resultat av at me har det veldig bra i dette landet. Og då har ein kanskje ikkje så mykje å kjempe for. Det blir ikkje så tydeleg opp i dagen at det som angår oss i kvardagen faktisk er politikk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesting for ungdom

I HEFTIG DISKUSJON: I gruppediskusjon om PC-bruk i skulen gjekk det heitt for seg.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Ungdommen må ta ansvar

Torgeir Timenes Bell i ungdomspolitisk utval meiner at ungdommen sjølve må ta noko av ansvaret.

– Problemet ligg litt hjå ungdommen sjølv. Me har det veldig fint, og dei føler sjølve at dei ikkje har noko å ta opp. Det er litt den etterpåklokskapen som rår i Sogn og Fjordane. Du treng å miste ungdomsklubben din før du er villig til å kjempe for den. Dette fører til at ungdomsråd får dårleg rekruttering. Du melder deg ikkje inn i eit politisk parti før du i alle fall er litt politisk engasjert.

Torgeir Timenes Bell

UNGDOMMEN MÅ TA ANSVAR: Det meiner Torgeir Timenes Bell.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Det startar i kommunen

SV-politikaren Norvald Nøringset, som òg var til stades på fylkestinget i helga, meiner at løysinga ligg på kommunalt nivå.

– Dersom ein ynskjer seg aktive politikarar frå fylket, må ein engasjere ungdommen der det angår dei, og det er ofte i kommunen. Der har ein idrettslag, kulturtilbod, og det kjenner dei til.

Ungdommane sjølve var på si side tydelege på kva det politiske miljøet må gjera for å tiltrekke seg dei yngre kreftene.

– Dei må promotere seg meir på ungdommen sine premiss, og fokusere meir på dei sakene som gjeld ungdommen, seier Markus Bjørnereim frå Senterungdommen.

– Dei må prate enklare, ikkje bruka så mange vanskelege omgrep, er oppfordringa frå Ragnhild Taklo frå Unge Høgre.

Og nokon som har tatt rekrutteringsproblema på alvor er Sogn og Fjordane Unge Høgre. Det er Høgre-ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen, godt nøgd med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ole Gunnar Krakhellen

GODT NØGD MED INNSATSEN TIL SOGN OG FJORDANE UNGE HØGRE: Høgre-ordførar i Solund kommune, Ole Gunnar Krakhellen.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Eg er jo veldig glad for at Sogn og Fjordane Unge Høgre er eit aktivt ungdomsparti som har jobba godt med rekruttering. Berre den siste månaden har dei hatt vervekampanje og verva heile 60 nye medlemmar.

– Det som er viktig no når me har fått desse nye medlemmene og nærmar oss nominasjon, er at me i moderpartiet vise at me set pris på dei, gir dei tillit og nominerer dei til sikre plasser på lista, seier Krakhellen.