Hopp til innhold

Helse Førde-sjefen auka løna med over 70.000

Helse Førde-sjef Jon Bolstad auka løna si med nær 70.000 kroner frå 2012 til 2013. Både han og fleire av dei andre direktørane i helseføretaket tener godt over millionen.

Bolstad

HØGT VERDSETT: Helse Førde-direktør Jon Bolstad hadde ei brutto årsløn frå Helse Førde på vel 1,4 millionar i 2013.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Løna til administrerande direktør er den einaste lønsposten som styret har ansvar for, og den blir samordna med resten av Helse Vest. Vi må liggje nokonlunde på linje med dei andre føretaksstyra når det gjeld løna til direktøren, seier styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad.

Tener meir enn ministeren

Det er styret i Helse Førde som avgjer kva administrerande direktør Jon Bolstad skal få i løn kvart år. I fjor fekk han vel 1,4 millionar kroner før skatt, ein auke frå 2012 på nær 70.000 kroner. Det er til dømes langt meir enn helseministeren, som har ei årsløn på om lag 1,2 millionar.

– Eg har ikkje så sterke meiningar om kva løna bør liggje på, men vi må innordne oss det systemet som er. Og det ville vore urimeleg om vi skulle føre ein heilt annan lønspolitikk enn dei andre føretaka i Helse Vest og resten av landet, sler styreleiaren fast.

– Vi må innrette oss

Fleire på direktørnivå i Helse Førde har ei årsløn på over millionen. Styreleiar Jorunn Ringstad meiner at det ikkje er helseføretaket sitt ansvar å vurdere lønsnivået på leiarnivå.

– Eg kan ikkje gå inn og byrje å samanlikne statsråd og andre sine løner. Vi må innrette oss og det er systemet vi må halde oss til. Vi kan ikkje samanlikne med alle andre verv og stillingar i landet, meiner Ringstad.

Føretaket gjekk med overskot i fjor

Administrerande direktør Jon Bolstad ønskjer ikkje å kommentere si eiga løn. Men han kommenterer meir enn gjerne at helseføretaket kjem ut med eit rekneskapsmessig overskot på nær ein halv million kroner i 2013.

– Eg er glad for å kunne legge fram eit positivt resultat, og særleg at vi gjer dette samtidig med at pasientbehandlinga vår skårar svært høgt på nasjonale kvalitetsmålingar, seier Bolstad i ei pressemelding.

Direktørlønene i Helse Førde

Jon Bolstad

adm.dir

1.406.100

Tore Dvergsdal

klinikkdirektør

1.000.000

Olav Hesjedal

klinikkdirektør

1.509.000

Vidar Vie

vise.adm.direktør

977.600

Ole Christian Reusch

klinikkdirektør

832.000

Anne Kristin Kleiven

utviklingdirektør

766.200

Hans Johan Breidablikk

fagdirektør

1.093.800

NB: Tala syner løningane for 2013. Tore Dvergsdal har etter dette slutta i helseføretaket.