Hopp til innhold

Dette skal du gjere om du køyrer på hjort

I 2015 vart over 600 hjortar påkøyrd i Sogn og Fjordane og Hordaland, det er tre gongar så mange som for ti år sidan. Køyrer ein på hjort er det fleire ting som er viktig at ein hugsar på.

Biltrafikk gjer at hjorten lev farleg på Vestlandet. Dei siste ti åra er talet hjortepåkøyrslar tredobla i Sogn og Fjordane og Hordaland.

VIL TA TID: I haust har fleire hjorteutsette stader blitt sikra, men framleis vil det ta tid å få ned talet påkøyrslar.

Rune Indrebø

ALFA OG OMEGA: Å merke dyret og å ringe politiet er aller viktigast å hugse på dersom ein køyrer på ein hjort.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

I 2015 vart over 600 hjortar påkøyrd i Sogn og Fjordane og Hordaland, det er tre gongar så mange som for ti år sidan. No er det sett opp sikring på fleire utsette stadar, men å få ned tala på påkøyrslar vil ta lang tid. Rune Indrebø i Høyanger kommune fortel at det er fleire ting som er viktige å gjere om ein køyrer på hjort.

– Å merke staden og ringe politiet er alfa og omega. Det er veldig viktig.

Eit anna problem er at hjortar ofte kan bli liggande skadde i fleire timar på grunn av at folk er upresise når dei varslar politiet.

– Ofte ringer folk inn tips først når det har gått noko tid. Så trur dei det siste dei hugsar var ei gangbru og at påkøyrselen sikkert var femti meter etter den, medan den eigentleg var 150 meter lenger borte. Då slit vi veldig når vi skal finne dei, seier Indrebø.

Vanskeleg å sjå

Indrebø fortel at det mange stader er nærast umogleg å få auge på hjort i tide, og på stader som framleis ikkje er sikra.

– Slik som her har ikkje bilistane moglegheit til å sjå hjortane før dei står midt i vegen. Her er det ei strekning på rundt 200 meter som er veldig aktuell å sikre.

Påkøyrde hjortar i Sogn og Fjordane og Hordaland

TREDOBLA: Tale på hjortepåkøyrslar er tredobla på ti år.

Foto: Hjorteviltregisteret