NRK Meny
Normal

Meiner Frp-målet er urealistisk

Framstegspartiet har målsetjing om 120 000 sogn- og fjordingar i 2020. – Urealistisk, seier Helge Brunborg, forskar hos Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Helge Brunborg

UREALISTISK: Helge Brunborg i Statistisk Sentralbyrå meiner lovnaden frå Framstegspartiet er totalt urealistisk. (Arkivfoto)

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Frank Willy Djuvik (FrP) nytta valstarten måndag til å love 120 000 innbyggjarar i 2020, dersom partiet kjem til makta ved årets fylkestingsval.

– 13 000 nye sogn- og fjordingar skal vi ha innan 2020. Det skal vi klare med å behalde mange av dei som er her, vi skal gjere det med å få fleire til å sjå kor flott og fint Sogn og Fjordane er og at det er godt å bu her. Vi skal gjere det med at fleire verksemder kjem hit og etablerer seg, lova fylkesleiaren i FrP.

Størst flyttetap

Forsker Helge Brunborg i SSB

UREALISTISK: Demograf hos Statistisk sentralbyrå, Helge Brunborg, om Frp sitt mål.

Foto: Frode Meskau / NRK

Men dette er lettare sagt enn gjort, meiner demograf Helge Brunborg ved SSB. Han forskar på folketalsframskriving, og gjev FrP rett i at utflytting tappar fylket. Men langt viktigare er innvandringa til Sogn og Fjordane.

Den er dobla på få år, og årsak til den positive folkeveksten siste åra. Ved årets første befolkningsstatistikk hadde Finnmark og Sogn og Fjordane det største innanlandske flyttetapet til andre fylke i Norge.

– Det er fleire faktorar som påverkar folketalet og vekst. Det er fødslar, dødsfall, innanlandsk flytting og inn- og utvandring. Eg lurer på kva av desse faktorane Framstegspartiet vil gjere noko med. Den faktoren som betyr mest for veksten siste året er innvandring, seier Brunborg.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innvandrarar står for veksten

– Betyr det at innvandringar har betydd meir for folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane, enn den negative utflyttinga dei siste åra?

– Ja, dei siste åra har innvandringsoverskotet vore på kring 1 200, og nettoinnflyttinga har vore på 800 i høve til resten av landet. Sogn og Fjordane ville nok hatt nedgang om det ikkje var for innvandring, seier demografen.

– SSB har ikkje visjonar

Frank Willy Djuvik

AMBISIØS: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik.

Foto: FrP

SSB har tre hovudscenario for korleis folketalsutviklinga blir. Med middels nasjonal vekst vil innbyggjartalet auke frå dagens 108 000 til 114 000 i 2020. Med låg vekst vil det bli knappe 110 000 innbyggjarar busette i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Med høg nasjonal vekst reknar SSB nær 117 000 innbyggjarar, noko som ikkje er venta som særleg truleg ettersom innvandringa er venta å minke frå 2014.

– Då har ikkje SSB visjonar. Dei klarer ikkje å sjå at ved å gjere endringar, så treng ikkje dei analysane å slå til, svarar Djuvik.

– Må bli verande

Frp-leiaren vedgår at målet partiet sette seg for eitt år sidan er ambisiøst, men vil ikkje gå god for at det er urealistisk.

Han viser mellom anna til at mange av dei som kjem til fylket som asylsøkjarar, flyttar ut att etter ei tid.

– Dei blir her nokre år, så flyttar dei. Det er ikkje attraktivt nok å bu i Sogn og Fjordane. Velferdstilboda er ikkje som venta i eit moderne samfunn, seier Djuvik og legg til at både organisasjonar og verksemder har signalisert at det viktigaste for utviklinga i fylket er å bli fleire folk.