Hopp til innhold

Lovar 120 000 innbyggjarar i 2020

Framstegspartiet var mest konkret då valkampen i fylket vart opna med felles arrangement.

Frank Willy Djuvik (Frp)

LOVNAD: Frank Willy Djuvik (Frp) lova 120 000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane innan 2020, dersom dei får makta ved haustens fylkestingsval.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Med lovnad om 120 000 innbyggjarar i fjordfylket innan 2020, gjekk Frank Willy Djuvik (FrP) frå talarstolen under valkampopninga måndag. Ved utgangen av april var innbyggjartalet 108 000 i Sogn og Fjordane.

Frp-politikaren trekte fram felles bu- og arbeidsområde og viktigskapen med å få fullført vegprosjekt over heile fylket.

– Vidare må det leggjast til rette for næringsutvikling i kommunane ved at ein ikkje heile tida pålegg nye auka eigedomsskatt, bompengar og parkeringsavgifter. Det må vere billig å etablere seg, det må vere billig å bu i Sogn og Fjordane, sa han frå talarstolen.

Ingen debatt

Det var ein forseinka start på valkampen 2011 som fann stad i Førde måndag. Etter terroråtaka 22. juli, gjekk alle parti saman om å utsetje kampen om veljarane.

Sjølv med terroråtaka litt meir på avstand, vart det ei alvorleg råme kring opninga av valkampen til fylkestingsvalet. Det var ingen debatt og appellane frå toppkandidatane var heilt fire for utfall mot konkurrerande parti.

– Eg trur vi no går inn i ein meir ordinær valkamp. Eg håpar vi får ein litt mjukare tone, samstundes er det viktig at vi får fram ulikskapen mellom partia. Det oppfatta eg eigentleg under opninga i dag at det er det stor vilje til, seier Åshild Kjelsnes, toppkandidaten til Arbeidarpartiet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Veljarane klarer å skilje

– Vi høyrde appellar frå alle parti, men ingen la vekt på kva dei andre gjer. Ein snakkar berre om seg sjølv. Klarer ein då å få fram ulikskapen?

– Ja, det trur eg. Fordi det er noko ein ofte blir kritisert for – at ein er meir oppteken av å kritisere andre enn å fortelje om sin eigen politikk. Eg trur at veljarane har god evne til å skilje ut kva som er ulike parti står for, og trur veljarane er interessert i å høyre kva enkelt parti vil jobbe for, meiner Kjelsnes.

Valkamp som vanleg

Sjølv om partia no legg opp til tradisjonell valkamp, vil tragedien leggje ein dempar på dei neste månadene.

Trude Brosvik (KrF) trur likevel at valkampen blir om lag som vanleg.

– Det er klart at det vi har opplevd i sommar vil liggje i ryggsekken. Men stort sett har dei politiske partia i Sogn og Fjordane vore ordentlege før, så eg trur ikkje det blir veldig stor forandring. Den største forandringa er at skuledebattane ikkje blir som vanleg. Eg tykkjer ungdomane har vald ei klok tilnærming på det, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olin Henden, flankert av listetoppane Noralv Distad (t.v.) og Bjørn Hollevik.

HØGRE: Olin Henden, flankert av listetoppane Noralv Distad (t.v.) og Bjørn Hollevik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Kortare avstandar

Gjennom appellane framheva politikarane som vanleg fortreffelege løysingar på utfordringane som ventar.

Høgre, med Noralv Distad i spissen, lanserte slagordet tilflyttingsfylket som vekstdrivar.

– Då må vi sette inn ressursane på veldig mange felt. Først og fremst må vi ha ein meir offensiv næringspolitikk enn i dag, med å skape handlingsrom for næringsutvikling. Vi må ha mindre fokus på restriksjonar og hindringar, og meir fokus på moglegheiter og å få ting til. Det andre er å halde fram med ein aktiv samferdsleutbygging. At vi får kortare fysiske avstandar mellom folk i fylket og at ein får større bu- og arbeidsområde, meiner Distad.

«Stein for stein»

Trude Brosvik (Krf), Jenny Følling (Sp) og Åshild Kjelsnes (Ap).

LISTETOPPAR: Trude Brosvik (Krf), Jenny Følling (Sp) og Åshild Kjelsnes (Ap).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Jenny Følling, som er toppkandidat for partiet som har site på toppen i fylket dei siste 12 åra, er mest oppteken av å byggje stein for stein.

– No peikar pilene for folketalsutvikling oppover. Den har vore positiv to siste åra. Senterpartiet trur at ei bevisst satsing på å utvikle kompetansearbeidsplassar vil vere ein god strategi for å auke folketalet, seier ho.

– Må drive valkamp

Med berre ein knapp månad på seg om å overtyde veljarane, understreka politikarane at dei skuldar offera etter terroråtaka å byggje demokratiet vidare.

– Vi må drive valkamp. Dei fantastiske ungdomane som vart råka, var opptekne av demokrati og å ytre sine meiningar. På same måte må vi også gjere det framover, seier Kjelsnes.

Politikarane starta valkampen

STARTA KAMPEN: Dei politiske partia i fylket markerte starten på valkampen under eit felles arrangement i Førde.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK