Hopp til innhold

Dette kan vi like - det blir gløtt av sol

Vêrsjuke vestlendingar bør vite å ta turen utomhus i dag. Vêrvarselet melder nemleg om «gløtt av sol».

Blå himmel over Breim

BLÅ HIMMEL: Etter ein grå og våt julimånad gler mange seg litt ekstra over å sjå blå himmel på ein av dei siste dagane i denne sommarmånaden. Biletet er frå Breim.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Kanskje har litt ekstra mange i Sogn og Fjordane blitt vêrsjuke denne sommarmånaden.

Meteorologen si oppsummering av juli viser at fleire stader i fylket har hatt ein over snittet våt månad. Sjølv om det ikkje er snakk om rekordar, har det vore meir enn nok regn for mange.

Statsmeteorolog Mette Skjerdal ved Vêrvarslinga på Vestlandet hadde i går ikkje kjempegode nyheiter for helga.

– Det blir bygevêr og regnbyer både laurdag og søndag, sa Skjerdal fredag ettermiddag.

Laurdag vakna mange i fjordfylket opp til eit gløtt av både sol og blå himmel. Ein telefon til Vêrvarslinga på Vestlandet stadfestar at det kan bli litt meir av det utover dagen.

– Innimellom kan ein få gløtt av sol, men det er nok i utgangspunktet bygevêr i heile dag, seier Gitte Flesland ved Vêrvarslinga som godt kan forstå at folk skulle ønske seg andre nyheiter.

– Det blir byeaktivitet i morgon også, men det er moglegheiter for at det blir litt lettare utpå ettermiddagen. Men det er ikkje noko fint vêr å snakke om, seier ho.

Om ein vel å stole på Yr.no så ser det ut til fleire stader i fylket i løpet av laurdagen kan få lengre periodar med opphaldsvêr og sol i dag. Til dømes ligg det an til ein fin ettermiddag i Askvoll og Florø, medan det i Sogndal ser finast ut litt tidlegare på dagen.

I Skjerjehamn, der Utkantfestivalen går av stabelen denne helga, ser det også ut til å bli sånn passe bra, med fleire periodar med opphald og sol.

Ser ein litt framover er det venta meir nedbør inn over Sogn og Fjordane frå måndag av.

– Også i starten av neste veke er det byevêret som dominerer, seier meteorolog Skjerdal.