Hopp til innhold

Dette huset kan bli ditt for under tre millionar

Ein av dei vakraste eigedomane i Sogn og Fjordane blir no lagt ut for sal på den opne marknaden.

Lillingstone-heimen på Tysse

KJEM FOR SAL: Fjaler kommune har vedteke å selje Lillingstonheimen på Tysse.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Med ein takst på 2,8 millionar kroner, satsar no Fjaler kommune på å klare å kvitte seg med gåva dei fekk i 1968, den ærverdige Lillingstonheimen på Tysse. Men eit krav frå kommunen er ein kjøpar som kan halde eigedomen i den standen den fortener.

– Grunnen til salet er at vi ser at eit kulturminne, som Lillingstonheimen, kjem til å krevje ganske store investeringar i åra som kjem dersom vi skal halde det i den stand det fortener, seier ordførar Gunhild Berge Stang (V).

Det gamle herskapshuset vart testamentert til kommunen då den siste av borna til pastor Claude Lillingston døydde i 1968.

Herskapeleg

og kona Edith storgarden på Tysse og busette seg der med familien.

Edith og Claude Lillingston

HERSKAPELEG: Huset til Edith og Claude Lillingston vart innreia og møblert i ei original blanding av norsk og engelsk stil.

Foto: Emmy Falch / ©Fylkesarkivet

Lillingston-familien tok med seg mange av sine fornemme engelske vanar inn i hushaldet på garden. Dei pleia nær kontakt med det spesielle sosietetslivet som utfalda seg mellom dei gamle «aristokrati-slektene» i Dale på den tida.

  • Les også:

– Det viktigaste no er at bygget vert sikra for ettertida, og at det vert tatt vare på og restaurert etter antikvariske prinsipp, seier Berge Stang.

Viktig kulturminne

Berge Stang er klar på at sjølv om kommunen har bestemt seg for å selje herskapshuset, så er ikkje det noko degradering av Lillingstonheimen.

Gunhild Berge Stang

SER ETTER NYE EIGARAR: Gunhild Berge Stang (V) er ordførar i Fjaler.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Tvert imot. Vi må ta grep for å sikre at Lillingstonheimen vert tatt vare på for framtida. Vi har mange eksempel kulturminne som lever i beste velgåande utan kommunalt eigarskap.

Vedtaket om sal vart gjort i samband med kommunebudsjettet i 2015. Sidan den tid har kommunen innhenta takst på huset, og marknadsverdien der vert oppgitt 2,8 millionar kroner.

Vil ha eigar med erfaring

Kommunen ynskjer å legge klausular som sikrar at kulturminneverdien vert vareteken og at eigedomen offentleg tilgjengeleg. Det er noko av det formannskapet skal ta stilling til måndag 5. desember.

– Personleg ynskjer eg at vi får ein eigar som har kompetanse og erfaring med å ta vare på historiske bygg, og som ynskjer å bruke bygget på ein måte som gjer at det er tilgjengeleg for ålmenta, seier Berge Stang.