Hopp til innhold

Denne bilføraren tok seg snø over hovudet – no er han politimeld

Politiet sperra opp auga då dei stogga ein bil med nær 40 cm snø på taket. No åtvarar dei om at det kan vere livsfarleg.

Snø

I VERSTE FALL LIVSFARLEG: Mykje snø på taket kan i verste fall sette liv i fare, meiner politiet.

Foto: POLITIET

– Taket var alt anna enn kosta. Det låg mellom 30 til 40 cm med snø, seier politibetjent Eirik Krossen.

Han stogga bilen som køyrde gjennom eit snødekt Stryn sentrum på torsdag. Dei siste dagane har det kome mykje snø over heile landet, noko som også viser igjen på bilane. Då bør du ta deg god tid til å skrape ruter fri for is og fjerne snø på biltaket, viss ikkje kan det fort vanke ei bot.

Politibetjentane Eirik Krossen (t.v.) og Vegard Dale

TA DEG TID: Politibetjent Eirik Krossen ber alle bilistar bruke god tid til å fjerne all snø frå bilane.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Den mannlege bilføraren blir politimeld. Det blir opp til påtalemakta om han skal få eit førelegg, seier Krossen om saka i Stryn.

– Kan vere livsfarleg

Politiet i Nordfjord la ut bilete av det snødekte biltaket på Facebook. Fleire har kommentert på bilete, og blant reaksjonane er ein som hevdar han såg bilen, og som meiner dette vitnar om enorm latskap. Andre seier det er langt frå eit uvanleg syn på vegane.

Mykje snø på taket kan i verste fall vere livsfarleg, meiner politiet.

– Snøen kan losne, og når du bremser så vil dette komme på frontruta eller treffe ein fotgjengar som skal over vegen. Dei som køyrer bak vil få snø på si rute og miste sikt, seier Krossen.

Audun Heggestad i Trygg Trafikk ser ofte bilar og større køyretøy køyre rundt med mykje snø på taket.

– Spesielt lastebilar. Frykta er at store flak frå taket til lastebilane fell av i fart og treffer andre bilar.

Har du meir enn fem cm med snø på taket, så bør du måke.

– Eg oppmodar bilistane til å fjerne snøen, og det bør ikkje vere meir enn fem cm med snø på biltaket.