Hopp til innhold

Saman skal dei presse 1300 kilo over hovudet

NAUSTDAL/FØRDE (NRK): Nesten halve den norske troppen til EM i vektløfting i Førde er frå vertsklubben Tambarskjelvar. Vi har spurt dei kva forventningar dei har.

Landslagsløftarane trenar ei av sine siste økter før EM i Sunnfjord

SISTE FINPUSS: Landslagsløftarane trenar ei av sine siste økter i hallen i Naustdal. Frå i morgon av brakar det laust med EM i Førdehuset.

Foto: Rune Fossum / NRK

Dei fem lokale løftarane er: Vebjørn Varlid, Sindre Rørstadbotnen, Jantsen Øverås, Marit Årdalsbakke og Ine Andersson.

Søndag er første stemnedag for EM i vektløfting, før konkurransane følgjer som perler på ei snor fram mot dei tyngste vektklassane neste laurdag.

– Eg forventar å gjere mitt beste stemneresultat nokon gong, seier Varlid som håpar han set personleg rekord på poeng.

Dei personlege rekordane til naustedølen vart tekne før han i 2012 fekk ei alvorleg kneskade. I kvalifiseringa til EM pressa han opp 156 kilo i rykk og 188 i støt.

– Eg håpar eg kan overgå det eg gjorde i kvaliken. No er eg mykje lettare enn eg var då eg sette personlege rekordar, så med det vil eg kunne sette personleg rekord i poeng, seier Varlid.

– Etter all den gode treninga eg har hatt, har eg store forventingar til meg sjølv på EM, seier Rørstadbotnen og skildrar treninga opp mot meisterskapen som vanvitig bra.

– Eg har sett personlege rekordar på trening, så eg kunne ikkje ha bedt om ei betre oppkøyring, seier han.

På kort tid har han rykka både 140 kilo og 145 kilo på trening, så han ser for seg å flytte sine personlege rekordar med fleire kilo.

– Eg har lyst å nærme meg 145 kilo i rykk og 190 kilo i støt.

– Eg forventar å vere i mitt livs beste form under EM. Eg har vore i veldig god form, så eg håpar eg klarar å vise det fram også på dagen, seier ho.

Andersson seier det er veldig stort å få delta på eit EM på heimebane, og trur det blir stort å løfte framfor mange kjentfolk, familie og vener.

– Eg håpar å slå mine eigne personlege rekordar, seier ho.

– Eg forventar at det kjem til å bli eit bra meisterskap, seier Øverås.

Han seier han aldri har kjent seg i så god form før ein meisterskap før. På trening har han prestert heilt oppunder sine personlege rekordar.

– Det skal vere fullt mogleg å sjå mine personlege rekordar, seier han og trur trykket frå heimepublikummet kan bidra til at han presterer endå litt betre.

– Eg forventar at dette blir ei stor oppleving, og håpar eg kan prestere så godt som eg kan ut frå mine føresetnader, seier Årdalsbakke.

Dei siste dagane blir fokuset hennar å skaffe det vesle overskotet.

– Eg håpar å slå mine personlege rekordar. Forhåpentlegvis passerer eg tresifra i støt, seier ho og legg til:

– Klarar eg å halde hovudet kaldt, kan publikum og stemninga hjelpe meg.

– Vi må ikkje drøyme om medalje

Trenar for landslagsløftarane til Norge Gunnar Reiakvam er også trenar for vektløftarane i Tambarskjelvar. Han har trua på mykje god løfting den neste veka.

– Dei fleste er byrja kome i veldig god form. I forhold til kva vi kan prestere trur eg dette blir veldig bra.

Han håpar dei fem løftarane frå Naustdal-klubben får ut sitt beste og har håp om norske rekordar.

– Men vi må ikkje drøyme om at vi skal ta medalje. Det er ikkje tema i det heile teke. Det har vi ikkje sjanse på, seier han og held fram:

– Men er vi midt på treet i dette selskapet, så skal vi vere godt nøgde.

Høgt nivå

Reiakvam viser til at det er rekordmange påmelde løftarar då EM i år er siste sjanse for å kvalifisere seg til OL i Rio.

Det gjer at nivået er svært høgt.

– Men det er bra trykk og dei fleste jaktar på å setje personlege rekordar. Dei brukar å kome i meisterskap. Eg blir forundra om dei ikkje kjem. For dei er veldig på hogget no, konstaterer trenaren.