Hopp til innhold

Dette er lurt å vite før NRK JuleLutt

Det er mange ting det kan vere lurt å vite før du skal på konsert i eit aluminiumsverk. Her prøver vi å gi deg både tips og svar på ting du kanskje lurer på.

NRK JuleLutt 2015

FLOTT ARENA: Det er anodehallen ved Hydro som skal byggast om til konsertarena. Slik er det planen at det skal sjå ut når du kjem inn i hallen.

Foto: Bary / Illustasjon

Det strøymer på med spørsmål rundt NRK JuleLutt i Høyanger. I lista under har vi forsøkt å svare på det meste av det ein kan lure på. Har du andre spørsmål må du berre ta kontakt på sf@nrk.no.

Konserten startar presis klokka 1800, og er planlagt å vere ferdig ca klokka 20.00. Vi startar innslepp i brannstasjonen 1615.

Før avreise

Konserten vert arrangert inne i anodemontasjen som er ein del av aluminiumsproduksjonen til Hydro i Høyanger. Lokalet er støvsugd og du sit på stolar, men dette er nok likevel ikkje kvelden for gallakjole, høge helar og findress. Temperaturen innandørs håpar vi skal vere grei, men har du lett for å fryse er det nok lurt å kle seg litt godt. Hugs at dette er ein industrihall, og det er fare for at ein kan bli skiten.

Billetten din

Konserten er utseld, så du får ikkje kjøpt billettar ved inngangen i Høyanger. Billetten din må du skrive ut før du reiser til porten, eller du kan ha den tilgjengeleg på mobilen din. Ein vil ikkje komme inn utan gyldig billett. Det er lov å selge billetten vidare dersom ein ikkje sjølv kan reise.

Ver tidleg ute

Vi ønskjer at folk kjem til inngangen så tidleg som mogleg. Vi opnar brannstasjonen klokka 1615. Det er flott om dei som bur nærast kjem tidleg, slik at vi har kapasitet til å ta imot dei som reiser langt og kjem seint.

Brannstasjonen i Hydro Aluminium, Høyanger.

ANKOMSTHALL: Brannstasjonen på kaien i Høyanger skal ryddast og bli publikumsmottak. Her sjekkar vi billettar, du får hjem og kan kjøpe deg ein kaffi.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Vegen til Høyanger

Det er mykje vegarbeid på vegane til Høyanger. Både i Høyangertunnelen og mellom Sande og Vadheim kan det bli ein del ventetid på grunn av dette vegarbeidet. Det betyr at ein bør rekne med noko meir reisetid til Høyanger enn normalt. Det er viktig å vite at konserten uansett vil starte presis på grunn av direktesending. Sjekk ut vegvesenet sine nettsider for detaljert informasjon.

Parkering

Vi ønskjer at ein først fyller opp parkeringsplassar ved Hydro sin hovudport på Leira og ved den vidaregåande skulen. Skal alle leite etter parkering i sentrum vil det kunne oppstå kork. Vi oppmodar publikum frå Høyanger til å la bilen stå slik at tillreisande gjester kan finne seg parkeringsplass.

Inngang

Det er berre inngang via den gamle porten på kaien i Høyanger like ved Kloumanns Alle. Alle gjester vert først tatt imot i brannstasjonen der det er billettsjekk, utdeling av hjelmar og raud løpar der du kan ta bilde av deg sjølv med hjelm. Her vil også nokre artistar kome forbi før konserten. Her vert det også mogleg å kjøpe seg både sveler og kaffi.

Kvar skal eg sitte?

Du spasserer sjølv frå brannstasjonen til anodehallen når portane opnar. Vi opnar porten så snart generalprøven er ferdig. Truleg skjer dette klokka 1700. Det er sett opp 700 stolar inne i anodehallen. Dette er unummererte billettar. Tilsette ved Hydro vil hjelpe deg til å finne ein plass i salen. Ver venleg å følg anvisningar, og ikkje sett deg på stolar som er merka reservert.

Valseblokker i Høyanger

BLIR SCENE: Produktet ved aluminiumsverket i Høyanger er valseblokker. Desse valseblokkene skal bli scene til NRK JuleLutt inne på aluminiumsverket onsdag kveld.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Reglar

Alle får utdelt og MÅ bruke hjelm når dei er inne på verksområdet. Når du har kome fram til plassen din kan du ha hjelmen i fanget. De må ellers følge anvisningar til Hydro sine tilsette på område. Det vil bli informert om reglar og sikkerheit i konsertsalen rett før konserten startar.

Tv-sending

Konserten er sendt direkte på nett-tv og i radio, og vi gjer opptak for sending på NRK1 i romjula. Det betyr at det vil vere mange kamera i salen. Desse kan til tider skygge for sikt til scene.

Servering

Det er ikkje salg av mat og drikke inne på området. Men det vil vere sal av sveler i brannstasjonen. Det vil ikkje vere sal av annan mat og drikke i tilknytting til konserten, så det kan vere lurt å få i seg mat og drikke før du går til porten. Det er både butikkar, kioskar og kafe der du kan få kjøpe deg mat før konserten.

Aldersgrense

På grunn av tryggleiksreglane til Hydro MÅ ein ha fyllt 12 år for å komme inn på området.

Alkohol

Hydro sine regler gjer at alle som har inntatt alkohol før konserten vert avvist ved inngangen. På grunn av dette kan det bli kontroll av vesker før inngang. Røyking er berre lov på anviste stader.