Hopp til innhold

«Det er eit tøft triks å komme inn på eit treningssenter og gjere dette»

Her hoppar vektløftaren Jantsen Øverås nesten sin eigen høgde - frå stilleståande!

Jantsen Øverås hoppar høgt på trening.

SPENST: Jantsen Øverås er blant dei meir spenstige idrettsutøvarane. Her tek han sats og hoppar på trening. Privat video

– Det er faktisk ikkje det høgaste eg har hoppa. Eg har klart opp til nasen før, men då var eg tre-fire kilo lettare. No prøver eg å komme opp att på det nivået med kroppsvekta eg har no, forklarer Jantsen Øverås.

Vektløftaren er denne veka på samling på Toppidrettssenteret i Oslo, der han saman med andre utøvarar finpussar formen fram mot NM om nokre veker.

Det er i samband med denne samlinga han gjorde spranget opp på vektskivene.

– På videoen trenar eg på vertikalhopp, som er ei fin øving for vektøftarar. Vi skal ha eksplosiv styrke i beina, så vi trenar mykje spenst, seier Øverås.

Trenaren: – Prøv det, den som vil!

Øverås er førsteårssenior i vektløfting, men er allereie i ferd med å puste landets aller beste vektløftarar i nakken. Under NM er målet hans å kvalifisere seg til EM. Det vil i tilfelle vere ein stor prestasjon som «fersking» på seniornivå.

Trenar Gunnar Reiakvam meiner videoen syner ein utøvar i form.

– Dei kan jo prøve, den som vil. Det er ganske fantastisk, det han gjer.

Øverås og trenaren har ikkje målt kor høgt vektløftaren hoppar i videoen, men dei meiner det kan vere snakk om 1.60 meter. Øverås har tidlegare også notert seg for dei beste testane i spenstmaskina på Toppidrettssenteret.

Jantsen Øverås og Gunnar Reiakvam

TRENAR OG ELEV: Gunnar Reiakvam har stor tru på Jantsen Øverås. Her er duoen i aksjon under eit tidlegare NM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trur vektløftaren kan bli god internasjonalt

Sjølv er Øverås klar på at utøvarar i verdstoppen også kan klare å hoppe høgare enn sin eigen kroppshøgde. Det er derimot tvilsamt om andre utøvarar i Norge kan matche sunnfjordingen.

– Det ser jo heftig ut...?

– Ja, eg kan forstå det. Det er eit tøft triks å komme inn på treningssenter og gjere dette. Mange synest det er kjempetøft, seier Øverås.

Trenar Gunnar Reiakvam har tru på at eleven på sikt kan ta steget opp på internasjonalt nivå.

– Han kan bli ein av dei heilt beste, og har alle moglegheiter til det. Men han er ung, og det er veldig langt fram. Det er så mykje som skal klaffe. Men han er ivrig til å trene, og han har god innstilling, seier han.

Jantsen Øverås

UTVIKLING: Jantsen Øverås er allereie som førsteårssenior med og yppar seg mot dei beste vektløftarane i Norge.

Foto: Rune Fossum / NRK