Hopp til innhold

Dette blei Dagbjørg (91) sin store dag

SVELGEN (NRK): Nesten som ei dronning! Dagbjørg Olsbø (91) gjekk på raud løpar inn til sin nye heim på Svelgen Omsorgssenter.

Raud løper

KONGELEG MOTTAKING: Fagleiar Linda Førde (t.v.) stod klar ved den raude løparen for å ta i mot Dagbjørg Olsbø og dei andre bebuarane.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Du store tid. Dette var kongeleg, fortel ei overraska Olsbø.

Olsbø skal saman med 38 andre bebuarar flytte frå Svelgen Bu- og Servicesenter over til deira nye heim på Svelgen Omsorgssenter.

– Det vert spanande å treffe bebuarane på mi nye avdeling, men eg håpar eg skal bu saman med nokon av dei eg allereie bur med, fortel Dagbjørg Olsbø.

Med eit nybygd omsorgssenter i kommunen, skal Olsbø flytte inn i eit topp moderne bygg med fleire, men mindre, einingar. Den spreke 91-åringen er nyfiken på kven som havnar på naborommet.

– Eg gler meg til å treffe dei eg skal bu med, og lurar veldig på kven som kjem på naborommet, fortel ei spent Olsbø.

Dagbjørg Olsbø

KLAR FOR FLYTTING: Dagbjørg Olsbø var pynta og klar for flytting til Svelgen Omsorgssenter.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Frå det gamle til det nye

Svelgen Sjukeheim

NÆR 40 ÅR: Svelgen Bu- og Servicesenter nærmar seg 40 år.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

På Svelgen Bu- og Servicesenter er gangane fylte med flyttekassar, senger, viktige minner og rullatorar. Vegen mellom den gamle sjukeheimen og det nye omsorgssenteret er kort, men kjennest litt lengre på ein dag som dette for Olsbø.

– Det er vemodig, for eg har hatt det veldig fint her.

Svelgen Omsorgssenter

HEILT NYTT: Svelgen Omsorgssenter er på heile 5600 kvadratmeter med 48 bebuarrom.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Olsbø ser likevel fram til å flytte frå den nær 40 år gamle bygningen.

– Dei hjelpsame og kjekke folka som jobbar her fortener betre arbeidstilhøve. Bygningen er gammal, og nokre gonger har eg frykta at verandadøra skal blåse vekk og øydeleggje for blomane mine.

Les også: Brukar fire millionar i året på å ta styringa over sjukeheimar

Festkledde

Fleire av bebuarane har pynta seg ekstra fint til flyttinga i dag. Med finkjole, glitrande smykke og svarte solbriller er Olsbø klar for å ta turen til det nye omsorgssenteret i eit flott vårvêr.

– Det er ein festdag for oss alle, og det kjem vel mykje framandfolk. Då må vi fram med festkleda.

Ein siste gåtur

GÅTUR I GAMLE GONGAR: Festkledde Olsbø tek seg ein siste gåtur i gamle gangar, før flytting til Svelgen Omsorgssenter og raud løper ventar.

Pårørande, pleiarar og frivillige får både flyttelass og bebuarar trygt fram. Fagleiar ved Bremanger Omsorgssenter, Linda Førde, er nøgd med dagen så langt.

– Dagen har gått så bra som den kan gå. Vi har heldigvis vêrgudane på vår side og alle er i godt humør. Det er ein veldig kjekk arbeidsdag, fortel Førde.

Les også: Skal utvikle morgondagens sjukeheim

Dei eldre blei i dag flytta til den nye sjukeheimen i Svelgen i Bremanger

ALT PÅ PLASS: I dag blei alt flytta til det nye omsorgssenteret i Svelgen.

Ny og kjær nabo

Fagleiar Førde tek i mot Olsbø og synar ho opp til rommet i tredje etasje.

– Dette var verkeleg eit flott rom med ei fin utsikt. Her kan eg sjå på alt som skjer. Både i trafikken, på fjellet og nede på fotballbana, seier Olsbø.

I gangen møter Olsbø ei god venninne. Det visar seg at deira rom ligg vegg i vegg.

– Det er godt å vere nabo med ei god venninne, så her får vi det fint, avsluttar dei fornøgde nabodamene samstemt.

Gode vener

GODE VENER: Anne Elise Løvold (t.v.) og Dagbjørg Olsbø har rom vegg i vegg på nye Svelgen Omsorgssenter.

Foto: Solveig Svarstad / NRK