Hopp til innhold

Køyrde rundt med skyhøg promille på julaftan

Sakkunnige klarte ikkje slå fast promillen til bilføraren frå Sunnfjord. Men dømd vart han.

Bilen var varm og mannen både lukta alkohol og var tydeleg påverka då politiet kom på tunet julaftan 2015.

Blodprøve tatt kring ein time etter køyreturen viste ein promille på 2,43. Ein halvtime seinare var den nede i 2,26.

Med bakgrunn i dei sparsame opplysningane i saka kunne ikkje sakkunnige slå fast kor høg promille mannen hadde då han køyrde bilen. Dei kunne likevel fastslå at alkoholinntaket var betydeleg også før køyreturen.

Dersom mannen skulle ha drukke på seg ein så høg promille på den halvtimen det tok politiet å spore mannen opp, meinte dei sakkunnige at dei aller fleste ville bli sterkt plaga av kvalme, brekkingar, oppkast og eventuelt betydelege bevsisstheitsendringar. Det var ikkje tilfelle i denne saka.

Det var publikum som tipsa politiet om promillekøyringa. Mannen erkjende også å ha drukke alkohol både før og etter køyreturen. Han samtykka til at saka kunne gå som tilståingsdom.

Med promillen uråd å slå fast, la Fjordane tingrett til grunne ein promille på minst 1,2.

Retten såg formildande på tilståinga, men fann det straffeskjerpande at køyreturen fann stad i 12-tida på julaftan. På denne tida er det erfaringsmessig mange trafikantar.

– Slik køyring er farleg, og skjer det ei ulukke så råkar den ofte vilkårleg og like gjerne uskuldige trafikantar eller fotgjengarar som den som køyrer i rusa tilstand, skriv dommarfullmektig Kamilla Hessevik Paulsen.

Mannen er to gonger tidlegare dømd for køyring i rusa tilstand. Han erkjende eit alkoholproblem og sa seg villig til å gjennomføre eit program mot køyring i rusa tilstand.

At han gjennomfører programmet er vilkåret for at fengselsstraffa på 16 dagar blir utsett med prøvetid på to år. Mannen må i tillegg betale 25.000 kroner i bot og klare seg to år utan førarkort.