Det gjekk to år før dei fekk vite at far deira var drepen av tyskarane

SOLUND (NRK): 1. juledag er det premiere på den nye filmen om krigshelten Jan Baalsrud. For Jorunn Aase og Steinar Kverrhellen var dette dramaet ein grufull realitet. Det gjekk to år før dei fekk vite at tyskarane hadde drepe far deira.

Jorunn Aase og Steinar Kverhellen frå Solund

VENTA I TO ÅR PÅ SVAR: Jorunn Aase og Steinar Kverrhellen. Far deira, Sverre Kverrhellen, var ein av dei som omkom då tyskarane avslørte sabotasjeaksjonen han var ein del av.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

– Vi gjekk lenge og venta. Så hadde me høyrd at nokon hadde sett han i byen. Då vart me jo glad. For då trudde me at no kjem han heim. Men nei, ingen kom, seier Jorunn Aase.

I kveld vil folk strøyme til kinosalane for å sjå den nye storfilmen til Harald Zwart, Den 12. mann, som skildrar Jan Baalsruds flukt frå tyskarane etter ein sabotasjeaksjon i Troms i 1943. Berre Baalsrud overlevde. Dei 11 andre vart drepne eller tekne til fange og torturerte.

Kjende på saknet etter far

Tre av mennene – Sverre Kverhellen, Sjur Olai Trovåg og Magnus Kvalvik – kom frå Solund, ytterst i Sognefjorden. No snakkar fleire av borna ut om kor vanskeleg det var å ikkje vite om faren var i live eller ikkje. Det gjekk meir enn to frå aksjonen vart gjennomført i Toftefjorden mars 1943, til borna fekk beskjed juni 1945.

– Først i juni fekk mamma brev at han var omkomen. At han ikkje kom heim igjen. Så vi visste ingenting før den tida, seier Jorunn Aase.

Ho var 13 år i 1945 då ho fekk beskjed om at faren, Sverre Kverhellen, var død. Før dette var det år med uvisse.

– Det var ingen som snakka om det. Alle gjekk og venta. Alle følte på det. Vi vart veldig samansveisa. Men saknet følte vi på heile tida, seier ho.

Sverre Kverrhellen og familien

DET SISTE BILETET: Mest truleg det siste biletet som er teke av Sverre Kverhellen. Her med kona og resten av familien i 1941, Steinar er ikkje fødd endå.

Foto: privat
Graver i Solund

GRAVENE: Ved Husøy kyrkje i Solund ligg gravene til dei tre som døydde i sabotasjeaksjonen i Troms, samt tre andre krigsgraver.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

Vanskelege tider

Planen til Jan Baalsrud og dei 11 andre var å sprenge radiotårnet på Bardu flyplass og å senka dei tyske sjøflya i Tromsø. I Toftefjorden vart dei oppdaga av ein tysk båt. Berre Baalsrud kom seg unna.

Samstundes var det utfordrande tider heime for mora til Jorunn Aase og Steinar Kverhellen. Ho måtte oppdra fem ungar aleine.

– Det var ikkje så lett for henne. Eg var ikkje så gamal og måtte hjelpe til. Eg hadde to brør som var små. Det var ei som sa at ho aldri såg meg utan ein av brørne på ryggen. Eg trur mamma var trygg på at vi hjelpte kvarandre, seier Jorunn Aase.

Den 12. mann/Thomas Gullestad

SPELAR BAALSRUD: Thomas Gullestad har rolla som Jan Baalsrud i den nye filmen Den 12. mann.

Foto: pressebilde/Nordisk Film

Skreiv testament

Ein av dei andre som var med på aksjonen i 1943 var ungkaren Sjur Olai Trovåg.

Rolf Trovåg og Arne Lambrechts er nevøar og har i alle år vore interesserte i historia hans.

– Han laga eit testament før han drog, så dei visste nok nokolunde kva som kunne skje, seier Rolf Trovåg.

Arne Lambrecths var 17 år då krigen var slutt, han reiste sjølv over til Skottland under krigen med far sin. Han hugsar fleire ting om onkelen Sjur.

– Han hadde alltid noko til oss når han var på besøk. Eg kjende han godt. Han var ein veldig grei kar, seier Lambrechts.

Rolf Trovåg og Arne Lambrechts

KJENNER HISTORIA: Søskenbarna Rolf Trovåg og Arne Lambrechts har alltid vore interesserte i skjebnen til onkelen Sjur Olai Trovåg.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK