Hopp til innhold

Det blir nok ein fin sommardag i fylket

Kasta du kleda i går? Kanskje synest du nesten det vart i overkant varmt? Meteorologen lovar nok ein varm junidag i Sogn og Fjordane.

Skjerjehamn/Utkant

IDYLL: Reiser du til Skjerjehamn i Gulen i dag kan du ifølgje Yr nyte 22 grader og sol frå skyfri himmel. Det hadde truleg ikkje vore det dummaste ein kunne ha gjort.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Det blir framleis fint vêr. Litt vind langs kysten, kanskje ein liten til stiv kuling i områda kring Stad, men elles rolege vindforhold. Temperaturane vil vere om lag som i går, kanskje ligg lågare makstemperaturar.

Det er meldinga frå statsmeteorolog Frode Hassel på Vêrvarslinga på Vestlandet om laurdagsvêret i trivselsfylket.

Fredag var ein solrik og varm dag over heile fylket, men ifølgje Hassel var det på kysten store temperaturskilnader. I Florø var det til dømes 22 grader, medan målestasjonen på Ytterøyane, eit lite stykke ute i havet, viste berre 11 grader.

Over 20 grader fleire stader

Grytidleg laurdag morgon vart det målt 9 grader på Sandane lufthamn, 14 grader i Florø, 12 grader på Førde lufthamn på Bringelandsåsen og 11 grader på Sogndal lufthamn Haukåsen.

Skal vi tru meteorologen vil temperaturane stige ein del utover dagen. Ifølgje Yr.no kan det på flyplassen på Sandane lufthamn kome opp i 19, grader, medan folk i Florø også i dag kan nyte 22 grader. På flyplassane i Førde og Sogndal melder Yr om høvesvis 23 og 21 grader på det varmaste.

Meir godvêr i vente

Og får du ikkje nytt sola og sommaren i dag, vel, så har du ein ny sjanse både i morgon og truleg også utover i neste veke.

– Søndagen ser fin ut også den. Det blir litt kjøligare, men vinden langs kysten vil spakne litt, seier Hassel.

– Er dette noko som kan vare godt ut i neste veke?

– Det ser ut til at det skal bli opphaldsvêr og fint ver ut i neste veke, så det ser lovande ut. Det blir nok litt kjøligare, dag for dag, men sett vekk frå det blir det fine dagar.