Hopp til innhold

Det blir fødestove på Eid

Styret i Helse Førde har gjort vedtak om å gjere om fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus om til jordmorstyrt fødestove.

Nordfjord sjukehus
Foto: NRK

 

Clara Øberg
Foto: NRK

Dette kom fram på styremøtet i Helse Førde i dag.

Føretaksstyret har vore samla for å vedta ei rekkje dramatiske kutt i helsetilbodet i Sogn og Fjordane.

Nedlegging i Florø

Medrekna i innsparingane ligg også nedlegging av nærsjukehuset i Florø. Dette kunne ikkje styret gjere vedtak om i dag, men dei har bakt det inn i dei innsparingane dei no skal gjere. Styreleiaren vil no gå i diskusjon med Helse Vest om nedlegging av Florø.

Kuttar ved medisin

Det er også vedteke å kutte 18 sengeplassar ved dei medisinske avdelingane ved sjukehusa. Det er også lagt opp til ein kraftig reduksjon i Lærdal, men den forsterka fødestova reddar sjukehuset i denne omgangen. Fødestova er freda av den førre helseministeren.

60 millionar

Det vert også kraftig reduksjon når det gjeld oppvaking- og overvakingsavdelingane ved sjukehusa. Helse Førde må spare inn 60 millionar kroner i løpet av dei komande to åra.