Hopp til innhold

Desse videoane ville «alle» sjå i 2013

Ein brudgom som blir rundtlurt på utdrikkingslaget sitt, ein hjort som har vikla seg inn i eit sauegjerde og ei hasardiøs forbikøyring som enda i førarkortbeslag. Det er nokre av lesarvideoane som har gått svært bra på nett i 2013.

Populære lesarvideoer frå 2013 på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider

POPULÆRE: Stuntet i utdrikkingslaget i Nordfjord, den hasardiøse forbikøyringa på E39 og berginga av ein 14-taggar som hadde surra seg inn i eit gjerde er alle døme på lesarvideoar som har gått godt på nett i 2013.

Foto: Montasje: Privat/privat/Steinar Bauge

– Det er kjekt at innsende videoar er så populært blant lesarane våre. Slike videoar er gjerne noko av det mest spennande stoffet vi presenterer på nettsidene våre, seier vaktsjef Rune Fossum i NRK Sogn og Fjordane.

Videoen frå eit utdrikkingslag i Nordfjord er blant dei som har gått heitt på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider det siste halv året.

Den vertande brudgommen trudde sjølv han var i ferd med å hoppe i strikk frå ei bru, men i verkelegheita stod han på ein palle i ein hage. Då han til slutt kasta seg utfor landa han brått og brutalt i eit lite plaskebasseng med vatn. Rundt han stod kameratane og heldt på å le seg skakk.

Difor vil vi ha dine videoar

Bilete og video frå store og små hendingar blir stadig viktigare på nett. Det kan vere alt frå video av eit ras som buldrar ned fjellsida, eller dei morosame eller spesielle kvardagshistoriene.

-Ofte vil det vere slik at våre eigne fotografar og reporterar ikkje er på staden då dramatikken skjer – men det er kanskje andre. Det er video og bilete av det som skjer i slike tilfelle som er så avgjerande for dei gode sakene, seier Fossum og held fram:

– Ingenting dokumenterer store hendingar og spesielle kvardagshistorier så godt som lesarane sine eigne levande bilete.

Trudde han skulle hoppe i strikk...

I løpet av 2013 har NRK Sogn og Fjordane fått inn ei rekkje videoar frå våre lesarar. Den som har gått desidert best er videoen av eit utdrikkingsstunt i Nordfjord, den er sett av nær 100.000 NRK-lesarar. På Youtube har videoen blitt vist over 4,8 millionar gonger.

Øyvin Vabø (35) har høgdeskrekk, og då han skulle drikkast ut bestemte kameratane seg for å utfordre han litt ekstra. I to timar vart brudgommen skyssa rundt med bind for augo i buss, så fekk han spørsmålet «are you a man?»

Vabø manna seg opp til å hoppe i strikk frå ei bru, men sekund seinare ligg han strak i eit plaskebasseng ved familiehytta til brudgommen.

– Eg venta jo eit luftig svev, men den gang ei. Det var eigentleg ei lette då eg trefte vatnet etter eit sekund, fortalde ein lattermild Vabø om hendinga i sommar.

(Artikkelen held fram under videoen)

– Som lava i ein vulkan

Sogn og Fjordane er eit fylke der naturen ofte viser fram kreftene sine. Uvêr, ras og store nedbørsmengder har ført til trøbbel fleire gonger i løpet av det siste året. Nokre av desse hendingane er også fanga på film.

15. april kom store ismassar sigande ned Stardalselva i Jølster. Etter ein lang kuldeperiode hadde det lagt seg tjukk is på det meste av elver i fylket, men då mildvêret kom fekk folk i området eit fascinerande møte med naturkreftene.

– Plutseleg høyrde vi eit veldig sus, og då kom heile sendinga med vatn, is og snø framover. Det gjekk ikkje med rekordfart, men det var enorme krefter i det som kom, fortalde Narve Heggheim om synet i elva.

– Det var omtrent som lava i ein vulkan som kom veltande, meinte han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Då isproppen i Stardalselva losna, vart det eit fascinerande syn av naturen som sjølv rydda opp i dei store is- og vassmassane i elvelaupet.

SJÅ VIDEO: Då isproppen i Stardalselva losna i midten av april i år, vart Narve Heggheim vitne til eit imponerande og fascinerande syn av naturen som sjølv ordna opp i dei veldige is- og vassmassane i elvelaupet. (Foto: Narve Heggheim/Redigering: Oddleif Løset)

Vakna av bråket

I midten av mai vakna fleire hytteeigarar i Skjerdal i Aurland av eit enormt skred. Skredet starta om lag 1300 meter over havet, og etter at snøskred hadde demma opp elva kom stein, gjørme og vatn i ei veldig fart ned elvelaupet.

Fylkesvegen mellom Skjerdal og Aurlandsvangen blei regelrett sopa vekk av dei veldige kreftene.

Geir Kjos filma dei veldige naturkreftene frå hytta si, og videoen var sett av over 20.000 lesarar på NRK sine nettsider.

– Eg vakna i det raset trefte vegen. Det einaste eg tenkte på var å komme meg ut, fortalde han til NRK.no like etterpå.

Fleire innbyggjarar vart evakuerte etter raset, og det gjekk fleire dagar før ein fekk opna ein provisorisk veg inn til bygda.

(Artikkelen held fram under videoen)

Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.

SJÅ VIDEO: Det var sterke krefter i sving då vatn, grus og jord kom i ei veldig fart ned elva Volda i Aurland 18. mai i år. FOTO: Geir Kjos.

Berga 14-taggar frå den sikre død

Også frå dyreverda har NRK Sogn og Fjordane fått inn fleire lesarvideoar. Hjorten som ville forsyne seg av rundballane til Arne Kjetil Steinsland i Askvoll ante truleg lite og ingenting om at videoen av han ville bli ein hit på internett.

Om morgonen 2. mars oppdaga bonden ein 14-taggar som stod godt surra fast i eit gjerde. Eit veldig redningsarbeid vart sett i sving, og utrusta med traktor og boltekuttar gjekk fire mann laus på arbeidet med å få hjorten laus.

– Hjorten brølte ikkje, men var heilt roleg. Forbløffande roleg, sjølv om han stod fast. Eg trur dyr må ha eit instinkt som seier dei at du ikkje har skumle hensikter, men at vi berre vil hjelpe, fortalde Steinsland den gong.

Etter vel eit kvarter hadde dei greidd å frigjere hjorten frå gjerdet og han fekk springe ut att i skogen.

(Artikkelen held fram under videoen)

14-taggaren på desperat jakt etter mat, sette seg fast i sauegjerdet.

SLIK BERGA DEI HJORTEN: Ivar Steinsland (f.v.), Magne Strømmen og Arne Kjetil Steinsland jobba iherdig for å frigjere hjorten. FOTO: Steinar Bauge.

Filma spekkhoggarar på jakt

Hobbyfotograf Eivind Nordvik Hauge og vennegjengen fekk i starten av april eit spesielt møte med ein flokk spekkhoggarar. Flokken let seg ikkje forstyrre då dei fekk besøk av den vesle fritidsbåten og held fram jakta på niser i Solheimsfjorden utanfor Florø.

– Det var heilt vilt! Vi stod berre og skreik, og vi var ganske høgt oppe alle saman, fortalde Eivind Nordvik Hauge om den spesielle opplevinga som han fanga på film og delte med NRK sine lesarar.

Vennegjengen såg fleire store flekkar med blod i sjøen, og forskar Nils Øien ved Havforskingsinstituttet utelukka ikkje at spekkhoggarane faktisk hadde jakta på nisene.

(Artikkelen held fram under videoen)

Eivind Nordvik Hauge og venene hans fekk seg ei oppleving for livet då dei møtte på ein flokk med spekkhoggarar i fjorden utanfor Florø.

SJÅ VIDEO: Her kjem Eivind Nordvik Hauge og venene tett innpå ein flokk med spekkhoggarar i Solheimsfjorden utanfor Florø. (FOTO: Eivind Nordvik Hauge) Videoen er utan lyd.

Hjort oppførte seg som sau

Også videoen av det siste tilskotet i saueflokken til Erling Offerdal vart ein klikkvinnar på nett. Etter sauesankinga i Årdalsfjella fekk han nemleg med seg heim ein liten hjortekalv.

– Eg har drive med sau heile livet, og dette har eg aldri vore borti.

– Det verkar nesten som han oppfører seg som ein sau han også. Han gjer alt som søya, eller adoptivmora må eg vel kalle ho, gjer, flirte Offerdal om det nye husdyret.

(Artikkelen held fram under videoen)

Erling Offerdal fekk med seg ein dyr for mykje under sauesankinga. Det er ikkje ein sau, men ein hjortekalv. - Men han oppfører seg som han skulle vore ein sau, seier bonden.

OPPFØRER SEG SOM EIN SAU: Siste tilskot i saueflokken til Erling Offerdal er slett ingen sau, men han oppfører seg som ein. FOTO: Per Henjum.

Filma hasardiøs forbikøyring

På seinsommaren vart bilistar vitne til det som vart skildra som ei hasardiøs forbikøyring på E39 mellom Sande og Førde. Rett før ein sving la den polske lastebilsjåføren seg ut og køyrde forbi ein annan semitrailer.

NRK kunne vise videoen som kvinna hadde filma for å vise det ho skildra som «galskap på vegane».

– Eg tenkte at dersom det kjem ein bil i mot, så smell det. Han måtte langt inn i svingen, før han fekk lagt seg inn att, fortalde kvinna, som prisa seg lukkeleg for at det ikkje kom nokon bil andre vegen.

Politiet vart raskt kontakta, og den polske føraren vart fråteken førarkortet i fire månadar, i tillegg til at han fekk ei bot på 5000 kroner.

(Artikkelen held fram under)

Created by InfoDispatcher

DROG FORBI: Kvinna som filma dette, frykta det verste då semitraileren drog forbi den andre traileren i ein slak motbakke, rett før ein sving. Til alt hell kom det ingen i mot. FOTO: Privat

Send oss din video

Om det skjer noko der du er, og du filmar det, send oss gjerne videoen.

– Vi set stor pris på alle som sender oss video. Og terskelen vår er låg, vi er interesserte i video av alt frå dei store hendingane til dei små historiene som krydrar kvardagen vår, seier Fossum.

Du kan tipse oss på 03030, ringe oss på 57724242 eller sende oss ein e-post på sf@nrk.no