Hopp til innhold

Her kunne hjorten endt sine dagar

Det gjekk ikkje heilt etter planen då hjorten på desperat matjakt skulle forsyne seg frå rundballane til Arne Kjetil Steinsland i Askvoll.

14-taggaren på desperat jakt etter mat, sette seg fast i sauegjerdet.

SJÅ: Ivar Steinsland (f.v.), Magne Strømmen og Arne Kjetil Steinsland jobba iherdig for å frigjere hjorten.

Det var ikkje noko vanleg syn bonden såg då han i 07-tida skulle ta til på fjøsstellet.

Bak driftsbygningen stod ein 14-taggar godt surra fast i eit gjerde. Der hadde han truleg stått sidan i natt.

– Eg såg han oppførde seg merkeleg, men såg først i dagslys at han hadde surra seg fast, fortel Arne Kjetil Steinsland.

(Artikkelen held fram under videoen)

14-taggaren skulle berre ha seg litt mat. I staden vart det mange timar fastsurra i eit sauegjerde...

SJÅ VIDEO: Etter å ha stått fast i fleire timar prøvde hjorten framleis å kome seg laus. (Foto: Steinar Bauge)

Siste utveg: avliving

Den svære hjortebukken har han sett på viltkamera, og han har sett han på bøen. Så Steinsland visste at 14-taggaren var i området. Men laurdag morgon fekk han eit langt nærare møte enn både han og hjorten hadde tenkt seg.

I eit forsøk på å nå dei inngjerda rundballane, sette hjorten seg fast i gjerdet. Medan Steinsland gjorde seg ferdig i fjøset, tok bonden kontakt med både viltforvaltninga, ettersøksringen og kameratar.

(Artikkelen held fram under biletet)

14-taggar sette seg fast i sauegjerde

REDNINGSAKSJON: På jakt etter ein matbit i natt sette hjortebukken seg fast i eit sauegjerde. I føremiddag vart han frigjort.

Foto: Steinar Bauge

– Vi enda opp med at dersom det var mogeleg, så skulle vi prøve å få han laus. Om ikkje det gjekk, så var siste utveg avliving, fortel han.

La slagplan

14-taggar med ei heil ruske med sauegjerde

RUSKE: Hjortebukken hadde ei heil ruske med sauegjerde i geviret.

Foto: Steinar Bauge

Utrusta med traktor og boltekuttar gjekk fire mann laus på redningsaksjonen.

Ved hjelp av traktoren heldt dei hjorten på plass, medan boltekuttaren gjorde dei naudsynte kutta på gjerdet. På førehand gjekk kvartetten gjennom fleire scenario for å vere budd på kva som kunne skje.

– Det var ikkje slik at du nærmar deg eit slikt dyr utan ein plan og vi skjønte at vi måtte få låst han fast med traktoren. Vi kunne ikkje risikere at han stakk til skogs med ein nettingbunt i horna. Då hadde han berre sett seg fast ein annan stad og vi måtte ha avliva den, seier Steinsland.

– Var heilt roleg

Redningsarbeidet starta i 11-tida og etter kring eitt kvarter var hjorten laus og kunne legge på sprang mot skogen.

Steinsland meiner hjorten såg ut til å skjøne alvoret i situasjonen.

– Han brølte ikkje, men var heilt roleg. Forbløffande roleg, sjølv om han stod fast. Eg trur dyr må ha eit instinkt som seier dei at du ikkje har skumle hensikter, men at vi berre vil hjelpe, seier Steinsland og fortel at han likevel såg tydeleg teikn til at dyret var stressa.

Sjeldan syn

For kvartetten gjorde sitt yttarste for å unngå å måtte avlive hjorten. Fleire av dei er hjortejegerar og meiner slike dyr er viktige for forvaltninga.

– Det er langt mellom 14-taggarane. Det er ikkje ofte du ser dei her ute. Nokre vil sikkert hevde at det var dyreplageri at hjorten stod fast så lenge, men all den tid vi fekk berga livet, så er vi nøgde, seier Steinsland.

– Dessutan; å felle slike i jaktsituasjon er ok, men å skyte ein slik ti meter frå fjøsdøra gir ikkje noko jaktglede, legg han til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hjorten blir gjort klar til frigjering

FRIGJORT: Etter kring eit kvarter var hjorten frigjort frå sauegjerdet.

Foto: Steinar Bauge

– Ein topp dag

– Nei, eg trur vi var minst like glade som hjorten for at dette enda bra. Frå eit håplaust utgangspunkt, så vart dette ein topp dag, seier Steinsland og likevel vedgår at hjorten byr på problem vinterstid.

Fleire bønder i Askvoll slit med at hjorten tek føre seg av rundballane. På Eimind innser Steinsland at eit to meter høgt gjerde må til for å halde dei firbeinte vekke frå rundballane.

Før sjølv ikkje eit sauegjerde med straum i toppen, maktar å halde hjorten vekke når snøen legg seg og det blir barfrost.

Vart merkt

– Vi har fleire andre store bukkar gåande her, men dei har 12 takkar. Denne karen har eg sett før og han verkar veldig dominant. I natt var han nok berre veldig uheldig. Men det var eit spektakulært og spennande møte, seier Steinsland.

Hjorten blir merkt

MERKT: Hjorten vart merkt med Steinsland sitt produsentnummer.

Foto: Steinar Bauge

Men før hjorten fekk springe fritt mot skogen, såg Steinsland sitt snitt til eit lite stunt.

– Vi merkte han med kvitt øyremerke og mitt produsentnummer. Dersom han blir skoten ein annan stad, så veit jegeren kvar han høyrer heime og kan levere han her. Når ein bergar livet til hjorten, så får ein vel ein liten eigardel, humrar han.