Hopp til innhold

Her kjem enorme mengder nedover fjellet

Enorme krefter har vore i sving i elva og det er stor fare for nye skred.

Laurdag morgon vakna fleire hytteeigarar i Aurland til eit enormt skred. Sjølve steinraset var om lag 60 meter breitt og åtte meter høgt, men jordskreda som kom i etterkant gjer at fleire hundre meter av vegen er dekka av stein, gjørme og vatn.

Innbyggjarane i Skjerdal er no utan vegsamband, og det må dei bu seg på å vere uten veg i alle fall fram til måndag.

Vakna til eit brak

Geir Kjos frå Åmot var på hytta då dei enorme massane kom ned like ved der han sov.

– Eg vakna i det raset trefte vegen. Det einaste eg tenkte på var å komme meg ut, fortel han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.

SJÅ VIDEO: Sterke krefter i sving i elva Volda i Aurland. Vasstanden i elva var om lag seks meter høgare enn den er til vanleg. Her kjem enorme mengder med vatn, grus og jord nedover. Foto: Geir Kjos

Får ikkje sove på hytta

Han og to andre som er på hytta, har vore der i heile dag. Men geologen som har vore på synfaring, seier at dei ikkje får bu der i natt.

– Vi er evakuerte og får ikkje lov å sove her, så anten reiser vi til søstera mi eller så reiser vi heim igjen, seier han.

Seks meter høgare enn vanleg

Vatnet går no fem-seks meter høgare enn det vanleg gjer i elva. Dei enorme massane som kom ned, tok vegen like ved hytta. Elva går vanlegvis i to røyr under vegen. No er heile vegen gravd vekk.

I føremiddag kom det jordskred i etterkant av hovudraset. Vatnet er veldig skittent og inneheld mykje jord og grus.

– Dette raset kom jo veldig nær hytta. Fryktar du for den no?

– Kjem det eit ras til, er det vår og to andre som er mest utsette. I føremiddag såg vi at vatnet kom opp mellom asfalten og grunnmuren til naustet. Spruten stod rett opp, så vi var redd for at det skulle få skader.

Stor snøsmelting fører til rasfare

Geolog Jan Helge Aalbu i Statens vegvesen var oppe med helikopteret tidlegare i dag for å sjå på området.

Skredet har starta høgt oppe, om lag 1300 meter over havet.

– Det har gått eit eller to snøskred som har laga demning i elva. Denne demninga har brista og dermed losna det første skredet nedover, fortel han.

Aalbu seier det ser ut til at det demmar opp igjen slik at det kan komme fleire skred, difor avventar dei situasjonen til 2. pinsedag.

– Vi gjer ei ny vurdering på måndag. No er heile elveløpet fylt med skredmasse.

– Vil eventuelle nye skred komme i same leia?

– Ja, det gjer dei. No er det høge temperaturar og stor snøsmelting, så då er det stor fare for at det kjem meir nedover, seier han.