Hopp til innhold

Desse skal no gjere veg i vellinga i kampen mot lakselusa

Havlandet Marine Yngel i Flora er no i full gang med produksjonen av berggylte som skal brukast i kampen mot lakselus. Denne veka vart dei første 100.000 berggyltene levert til oppdrettarar i Sunnfjord og Sogn.

Berggylte

BERGGYLTE: Havlandet Marine Yngel Har levert den første produksjonen med Berggylte.

Foto: Eivind Nordvik Hauge / Privat

– Berggylte er ein svært spesiell fisk. Den et ikkje andre fisk, den lever av krepsdyr. Når ein set den i ei oppdrettsmerd vil den ikkje bry som anna fisk eller fiskefôret, men forsyne seg av lakselusa, seier dagleg leiar Halvard Hovland.

Havlandet Havbruk i Florø er ein av to produsentar i Norge, og dei starta produksjonen av berggylte i hausten 2014 .

Første leveranse

Havlandet Marine yngel vart etablert i 2000 av INC for å produsere torskeyngel. Etter at torskeoppdrettet slo feil, satsa dei i fjor på oppdrett av berggylte. No har dei levert den første produksjonen på 100.000 fisk til oppdrettarar i Sunnfjord.

– Kor mykje tener de på 100 000 fisk?

– Det tenar vi ikkje noko på, til det er produksjonskostnadane for høge. Vi må nok opp i ein produksjon på 500.000 fisk før vi tenar pengar på det, men der reknar eg vi skal vere til neste år.

Kent Arne Hopland og Halvard Hovland

PRODUSERER BERGGYLTE: Kent Arne Hopland og dagleg leiar Halvard Hovland til høgre.

Foto: Eivind Nordvik Hauge / Privat

Havlandet Marine Yngel har no ein base på 2500 stamfisk.

– Det skal vere tilstrekkeleg til den framtidige avlen, seier Hovland.

Miljøvenleg alternativ

For oppdrettarane vil det bety mykje å få eit miljøvenleg alternativ til midla som i dag blir brukte i kampen mot lakselusa.

Havlandet Marine Yngel produserer berggylte på oppdrag frå Sunnfjord Rensefisk As, som er eigd av sju oppdrettar i Sunnfjord og Sogn.

– Berggylte er den mest effektive reinsefisken. At vi no kan få den produsert lokalt og sett ut i merdane til rett tid, vil bety mykje, seier Nils Tore Karstensen, som er dagleg leiar i Sunnfjord Rensefisk As.

Levering av berggylte

KLAR MED FØRSTE LEVERANSE: Havlandet Marine Yngel leverer no 100 000 berggylter til oppdrettar i Sunnfjord og Sogn.

Foto: Eivind Nordvik Hauge / Privat

Det siste året har oppdrettarane investert mellom 20 og 30 millionar kroner i bergylteproduksjonen til Havlandet Marine Yngel.

– Det er ei stor investering, men får vi dette til og kan spare andre metodar, så er dette veldig bra og miljøvenleg, seier Karstensen.