Hopp til innhold

Desse jentene viste ingen nåde - vann alt

– Eg visste at det var mogleg, men til tider har jentene prestert over det eg hadde forventa, seier trenar for Kaupanger sitt jenter 16-lag, Martin Dolvik.

Kaupanger sitt jenter 16-lag vann A-finalen i Dana Cup

FRAMTIDA: Dette laget kan vere framtida for damefotballen i Sogn og Fjordane. Her er dei på podiet etter å ha sikra seg siger i A-finalen for jenter 16 i Dana Cup.

Med jenter frå fleire klubbar i Sogn og Fjordane med på laget grusa Kaupanger all motstand under den store fotballturneringa Dana Cup i Danmark denne veka.

Finalen gjekk laurdag morgon mot Forus & Gausel IL der laget vann 2–0.

– Vi møtte eit veldig godt lag, men i dag var vi mykje betre. Vi var på frå start og styrte heile kampen, seier ein lukkeleg trenar.

Framtida for damefotballen i fylket

Dolvik er også spelarutviklar og assistenttrenar for Kaupanger sitt damelag.

Åtte av spelarane på jenter 16-laget som viste krefter i Dana Cup spelar på damelaget til vanleg. I tillegg var det med jenter frå klubbane Syril, Hafslo, Eikefjord, Gaular, Jotun og Sogndal.

Dolvik seier dette er blant tiltaka for å få betre oversikt over gode spelarar frå heile fylket. Det er viktig skal Kaupanger klare å klatre i divisjonane.

I serien kjempar Kaupanger no om opprykk. I serien tok dei sommarferie fire poeng bak Hinna som ligg på opprykksplass til førstedivisjon. Skulle Kaupanger klare å gå forbi Hinna i serieinnspurten i haust blir det endå viktigare med ein stabil og god stall.

– Skal vi greie å vere i toppfotballen må vi ha med oss iallfall Sogn, og kanskje også heile Sogn og Fjordane. Det er mange gode spelarar rundt i klubbane og vi vil samarbeide med flest mogleg slik at vi kan få fram eit topplag og etablerer oss i første divisjon, seier han.

Stod som ein mur i mål

Med berre fem treningar i forkant viste det samansette laget at dei var betre enn alle motstandarane.

Aina Kvam vakta buret for Kaupanger, og sleppte ikkje inn eit einaste spelemål gjennom heile turneringa.

– Ho fortener all den skrytet ho har fått, seier ein stolt trenar.

Sjølv er Kvam oppteken av at det er laget som har gjort seg fortent til medalje.

– Vi er eit lag og alle har gjort ein innsats for at vi skulle klare dette, seier ho.
Dette er stort for oss. Det er heilt fantastisk, jublar ho.