Hopp til innhold

Desse går vidare i UKM-festivalen

FØRDE (NRK): Etter ei helg med sceneinnslag og utstillingar frå 250 talentfulle ungdommar frå Sogn og Fjordane, er det no klart kven som går vidare.

Indigo Child - UKM

JUBELEN STOD I TAKET: Sunniva Honningsvåg (til venstre) gjekk vidare med bandet Indigo Child. Då ho fekk nyhenda på direktesendt radio var det ikkje vanskeleg å høyre kor glad ho blei.

Foto: Amalie Larsen Ovrid/Hafstad vidaregåande skule

I tillegg til sceneframsyningar og utstilling har helga vore fylt med workshops, konsert på Skywalken i Førde sentrum og mykje anna. Totalt 1500 publikummarar har vore innom festivalen i helga.

Rundt 800 har delteke på dei lokale mønstringane i kommunane, der 250 gjekk vidare til fylkesmønstringa. Juryen har nok ein gong fått ei tøff oppgåve med å velje ut dei som får reise til Trondheim saman med ungdom frå resten av landet.

Juryen, sett saman av juryleiar Ingebjørg Nomeland, jury for sceneinnslag med Anders Alvaro Nydal, Bjørn Berge og Ola Weel Skram, og jury for utstilling med Astrid Wittersø og Gregory Idehen, vart samde om å la desse representere Sogn og Fjordane på UKM-festivalen i Trondheim 24. til 28. juni:

  • Les meir, og sjå bilete og video frå deltakarane lenger nede i saka.

Sceneinnslag:

  • Sofia Hyttedalen (15 år), vokal og playbackspor for den sjølvlaga låten «Lack of», frå Gloppen
  • TJ Hamre med «Broken hands», frå Sogndal - Tarjei Hamre (18 år), vokal
  • Håvard Endal Husevåg (17 år) vokal og piano med den sjølvlaga låten «Well chosen words», frå Gloppen
  • Indigo Child med den sjølvlaga låten “House of the hill”, frå Eid - Johan Espelund (17 år)piano, Karl Oskar Nyberg (17 år) synthtromme, Maren Holmgren (19 år) vokal, Martha Pavelich (16 år) vokal/keyboard, Sunniva Honningsvåg (17 år) vokal.
  • Daphnie & Maja med Gloomy Sunday/Here, frå Fjaler - Daphnie Knoll (17 år) vokal og piano, Maja Horvath (17 år) vokal og fiolin

Kunst:

  • «Dykk», akvarell på papir, Ingrid Bolstad (15 år) frå Førde
  • «Kattens univers», teikning, Anaís Stølen (16 år) frå Gulen
  • «Løvetann», foto, Tormod Midtbø (18 år) frå Gloppen
  • «Kjole», kjole i resirkulert plast, Margit Brooks (13 år) og Synne Bentås (13 år) frå Lærdal

«Bra måte å starte morgonen på»

Ein av dei heldige som gjekk vidare er Sunniva Honningsvåg (17). Ho vart plukka ut saman med dei andre i bandet «Indigo Child».

– No blei eg veldig glad. Det var ein bra måte å starte morgonen på, jublar ho då ho får beskjeden på direktesendt radio.

– Eg trur dette blir skikkeleg artig. Berre bilturen i seg sjølv blir artig, når vi brølar til Queen i bilen og alle gler seg til å stå scena. Det var utruleg kjekt denne helga og eg gler meg allereie, seier Honningsvåg.

Vanskeleg val for juryen

Valet har ikkje for enkelt for juryen, som fortel om eit svært høgt nivå, både på sceneinnslaga og kunstverka.

– Det var utruleg kjekt, men vanskeleg å velje ut kven som skulle vidare, seier jurymedlem Ola Weel Skram, som måtte velje ut fem sceneinnslag av totalt rundt 80.

Eva Kristin Svidal misunnar ikkje juryen det vanskelege arbeidet. Ho synest det har vore veldig kjekt å vere ansvarleg for UKM-festivalen i Sogn og Fjordane,

– Ungdommen har stråla i heile Førdehuset heile helga, og det har berre vore heilt toppers, seier ho.

Og mangfaldet i fylket er fantastisk, slår juryleiar Ingebjørg Nomeland fast.

– Det er eit relativt stort spenn i alder, og ikkje minst uttrykk og ulike instrument og slikt. Eg er veldig imponert, og det er eit stort privilegium å få høyre alle og velje ut nokre få som skal gå vidare. Juryen for kunsten hadde også problem med å velje dei fire som skulle gå vidare, forstod eg, seier ho.

  • Her kan du sjå bilete av alle kunstverka og video frå alle sceneinnslaga:
Margit Brooks og Synne Bentås - "Kjole"

'KJOLE': Margit Brooks og Synne Bentås

Foto: Amalie Larsen Ovrid/Hafstad vidaregåande skule
Tormod Midtbø - "Løvetann"

'LØVETANN': Tormod Midtbø

Foto: Hafstad vidaregåande skule
Ingrid Bolstad - "Dykk"

'DYKK': Ingrid Bolstad

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes/Hafstad vidaregåande skule
Anais Stølen - "Kattens univers"

'KATTENS UNIVERS': Anais Stølen

Foto: Hafstad vidaregåande skule
UKM Sogn og Fjordane 2016
UKM Sogn og Fjordane 2016
UKM Sogn og Fjordane 2016
UKM Sogn og Fjordane 2016
UKM Sogn og Fjordane 2016