NRK Meny
Normal

Denne gjengen er dei tøffaste vgs-elevane i fylket

ei klatra, sykla, sprang, sumde, padla og kjempa seg gjennom tunge styrkeøvingar. Innsatsen sende denne gjengen frå Flora vidaregåande skule heilt til topps på pallen i den aller første utgåva at Våtmoroleikane i Florø i dag.

– Det var utruleg herleg då vi var komne i mål og skjønte at vi hadde vunne. Vi jubla skikkeleg då, endå så slitne vi var, seier Martin Hollevik, som til vanleg går tredje året idrett på Flora vgs.

Saman med Kristoffer Ryland (3.kl.bygg), Emil Aadland (3.kl.idrett), Madelen Hopen (3.kl.idrett), Christina Hopen (1.kl.idrett) og Erlend Akselsen (1.kl.idrett) tok han sigeren heim i det som er dei aller første Våtmoroleikane i Florø.

I alt var sju lag frå Florø, Førde, Eid, Stryn og Gloppen med i tevlinga. Opphavleg skulle det vore fleire lag med, men nokon måtte trekkje seg, medan andre ikkje klarte å få det til å klaffe grunna heildagsprøvar og liknande.

Vart godt motteke

På andreplass kom laget frå Stryn vidaregåande, medan laget frå Øyrane vidaregåande i Førde tok tredjeplassen.

Styreleiar i Våtmoro, Roger Bareksten, er godt nøgd med deltakinga, og karakteriserer arrangementet som ein suksess.

– Det gjekk over all forventning, og vi ser på ungdommane at dei hadde det kjekt. Då alt var over, snakka fleire om deltaking neste år. Då har vi lukkast, seier Bareksten.

Men det var litt av nokre prøvelsar dei seks på kvart lag måtte gjennom for å få laget sitt på pallen.

Aller først måtte dei gjennom tøffe styrkeøvingar. Først skulle det klatrast, så måtte dei gjennom tre crossfit-øvingar; farmers walk, tile flips og burpees.

Måtte padle, springe og symje

Tidene dei fekk i styrkeøvingane danna grunnlaget for jaktstarten utandørs.

– Dei styrkeøvingane var skikkeleg harde, så vi var godt utkøyrde før løpet starta, seier Hollevik.

Jaktstarten tok til ved Idrettssenteret og gjekk til Stadion, så var det sykkeletappe ut Havrenesvegen, inn Røvarhillaren og opp Storeåsen og nedatt.

Vidare sprang deltakarane til sentrum der dei skulle symje frå Trovikkaia til Quality hotell, før dei skulle springe opp til sjukehuset og langs Storevatnet.

Deretter var det ei padleetappe, før siste innspurt tilbake til Idrettssenteret.

– Det var ei tøff løype, men eg trur dei tykte det var kjekt, seier Bareksten.

Det kan Hollevik stadfeste, sjølv om han understrekar at heile laget var godt slitne etterpå.

Litt kaldt for ein dukkert

Spesielt symjeetappen var litt over snittet krevjande.

– Det var kaldt, og det kjendest mykje lengre enn det var. Siste løpeetappen var beintøff, då var det ikkje mykje futt att i beina, seier Hollevik.

Men vinnarlaget hadde tenkt taktisk då dei plukka deltakarar. Dei fokuserte mest på å finne folk som var gode å springe, og det trur Hollevik dei tente på.

– Vi tok litt lettare på styrkedelen, og prioriterte springinga, og det fungerte, seier Hollevik.

Han understrekar at laget hadde høge ambisjonar før start, men at dei ikkje har hatt noko spesiell oppkøyring.

– Nei, vi har ikkje øvd på øvingane, eller trent spesielt mykje springing, seier Hollevik, som saman med Kristoffer Ryland spelar på Florø, og skal på trening i kveld.

– Har du att krefter til det då?

– Vi må jo det! Dette var jo noko vi valde å bli med på sjølve, men eg håpar det vert ei roleg økt, seier Hollevik.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser