Hopp til innhold

Her utfordrar han høgdeskrekken sin - kastar seg ut i fallskjerm

Å kaste seg utfor i 10.000 fot, å falle i 200 km/t i 40 sekund. Dette er utfordringa Kristian Kårstad frå Førde skulle prøve seg på i dag.

Han har hatt høgdeskrekk sidan han blei fødd. 
I dag prøvde 21 år gamle Kristian Kårstad å overvinna frykten.
På ein ganske så brutal måte...

SJÅ VIDEO: Livredd og skeptisk - her prøver Kristian Kårstad tandemhopp for aller første gong, saman med instruktøren Malachai Tempelton. Foto: Stig Indrebø/Ron Holan. Redigering: Stig Indrebø

Kristian Kårstad

NERVØS: Kristian Kårstad har fått på seg selen og kjenner at spenninga stig.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Eg er ufatteleg spent. Eg er iskald og byrjar å få frostbyger. Eg kjenner det verkeleg fysisk. Men eg skal gjere det, eg skal hoppe, seier Kårstad rett før det er hans tur å vere med helikopteret.

– Har verkeleg bestemt meg

Førdianaren har hatt høgdeskrekk og flyskrekk heile livet. Han har slik skrekk for høgder at han opplever det som ubehageleg å vere på verandaen i fjerde etasje der han bur.

Trass dette, i dag vil han kaste seg ut frå eit helikopter. I dag tidleg gjorde ein skjelvande 21-åring seg klar for avreise til Florø der han skal hoppe tandem under festivalen Våt Moro.

– No må eg berre gjer dette, eg har verkeleg bestemt meg for å gjennomføre dette, sa Kårstad til NRK.no i dag tidleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eli er entusiastisk – Kristian er livredd

Det er fleire i Florø som skal hoppe i dag. Nokre tar seg ein røyk medan andre tastar på telefonen. Helikopteret står klart og utstyr blir sjekka.

NRK-reporter Eli Eikenæs Vengen er med som støtte og ven. Samstundes har ho alltid hatt ein draum om å hoppe i fallskjerm. I dag skal ho få den oppfylt og ho gler seg veldig.

– Sjå Kristian. Det ser kult ut å hoppe, men eg kjenner det i magen, seier ho entusiastisk.

– Vi er neste, seier Kristian og innrømmer at han er livredd.

Adrenalinet byggjer seg opp

Kristian trippar nervøst rundt medan instruktør Malachai Tempelton frå Sky Dive Voss gjer klart utstyret. Han har fått på seg selen og kjenner at den sit godt på. No nærmar det seg. Vil han verkeleg våge å gjere det?

– Dette er det dummaste eg har gjort i heile mitt liv. Eg merkar eg spenninga og adrenalinet. Det er nesten som eg byrjar å grine.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristian Kårstad

LADAR OPP: Stemninga stig og Kristin Kårstad tenkjer over kva han er i ferd med å gjere.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Står klar i opninga

Så er det klart for at Eli og Kristian skal opp i lufta. Begge er spente. Korleis blir det å stå i opninga og sjå ned. Å vite at du skal hoppe ut i tre kilometers høgde. Farten blir opp mot 200 km/t og dei får oppleve eit fritt fall på 40 sekund før skjermen blir løyst ut.

Instruktøren hektar seg fast til Kristian sin sele. No er det like før. Det er snart hans tur. Han vurderer å trekkje seg.

Først hoppar Eli og instruktøren ut og Kristian ser at dei fer som eit prosjektil mot bakken. Pulsen hans er på 146.

– Dette går ikkje bra. Det er verkeleg ubehageleg. Eg fattar ikkje at eg gjer dette, seier Kristian.

Magisk og fantastisk

Plutseleg er han i lufta. Han har utfordra si aller største frykt. Det er ei fantastisk kjensle å flyge i fritt fall.

– Det var heilt sjukt. Det råaste eg har vore med på. Magisk!, seier ein svært glad Kristian rett etter hoppet.

Også Eli er jublande glad og hyler etter eit vellukka tandemhopp.

– Det var nydeleg og heilt fantastisk. Det var som å fly som ein fugl. Det var ei sjukt herleg kjensle.

– Skal de hoppe i fallskjerm igjen?

– Kanskje, seier Eli.

– Ja, det skal eg, seier Kristian.

Eli Eikenæs Vengen fekk endeleg oppfylt draumen sin.

ENDELEG: Her får Eli Eikenæs Vengen endeleg draumen sin oppfylt.