Hopp til innhold

Desse brøytekantane imponerer

Sole Paus frå Bærum var ein av dei første som køyrde Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø i år. Han er over seg av begeistring.

Sole Paus

BILEN BLIR LITEN: Smal veg, med høge brøytekantar. Sole Paus er imponert.

Foto: Privat

– Det var heilt fantastisk å køyre, veldig godt brøytt og med brøytekantar mykje høgare enn bubilen, og vêret viste seg frå si beste side. Men eg forstår godt at Tindevegen tilrår vinterdekk, for det var ein del is i vegbana.

Brøyting på Tindevegen

FERDIGBRØYTT: Onsdag 27. april vart Tindevegen opna.

Foto: Olav Vee

Tindevegen opna etter vinterstenginga onsdag. Bomvegen gjer det mellom anna enkelt for skientusiastar som Sole Paus å kome seg opp i det skieventyret som Vest-Jotunheimen akkurat no fristar med.

Det var ikkje mange andre bilar på vegen i går, dermed var det problemfritt å stanse for å ta bilete.

– Men det blir heilt sikkert meir trafikk dei komande dagane, for i helga er det High Camp på Turtagrø.

På topptur

I natt overnatta han og kompisane i bubilen frå 1984, ikkje langt frå bomstasjonen på Tindevegen. Planen var å gå på ski på Austanbotntindane, men planen vart endra i dag tidleg.

– Det var for stor rasfare opp mot Austanbotntindane, difor er vi no på veg opp Dyrhaugstinden. Vi driv med tindeleik, og akkurat no er det perfekt, med flott vêr og puddersnø.

– Avansert form for telt

Tindevegen

MYKJE SNØ: Slik ser det ut på Tindevegen

Foto: Olav Vee

Og for Sole og hans ski- og fjellglade kameratar er bubilen ideell når dei skal på topptur.

– Bilen er 20 år gamal og ikkje av dei mest komfortable, men den gjer nytten. Det er ei avansert form for telt.

Styreleiar Frank Eldegard i Tindevegen seier at vegen mellom Årdal og Turtagrø er open heile døgnet. Men vegen kan bli nattestengd dersom det blir dårleg vêr.

Bubil på Tindevegen

MEKTIG: Det er mykje snø på fjellet no og dermed blir brøytekantane høge.

Foto: Sole Paus