– Det viktigaste er det sosiale! At ein vert kjend med nye folk som held på med kultur og slikt, seier Jenny Hatlelid Holsæter (16) frå Årdal.
- Les også:
Ho er Sogn og Fjordane sin URG. URG står for Ungdommens Ressurs Gruppe, og er med på å utvikle festivalen i lag med dei vaksne. Holsæter er Sogn og Fjordane sin representant, og reiser landet rundt for å vere med på tilstellingar i lag med representantar for dei andre fylka.
Hittil har ho vore på Melodi Grand Prix Junior og Ungdoms-OL på Lillehammer i lag med dei andre frå URG, der dei har spreidd det glade bodskap om UKM. Seinare i vår skal ho til Trondheim og spreie glede på landsfestivalen til UKM.
Under UKM-festivalen i helga har ho med seg fem andre ungdommar i sitt lokale URG. Dei går rundt og snakkar med deltakarar og får tilbakemeldingar på arrangementet som kan gjere det betre til neste gong.
– Jobben vår er det sosiale. Vi skal hjelpe ungdommar med å verte kjende med kvarandre. Det kan vere litt skummelt når ein er på UKM for første gong, seier Holsæter.
- Les også:
- Les også:
Frå konkurranse til møtestad
UKM har stått for Ungdommens Kultur Mønstring i nesten tretti år, sidan det starta i 1987. I fjor endra dei namnet til Ung Kultur Møtast. Det er litt rart for dei som er vant til det gamle.
– Det er mange deltakarar som syns det er litt rart, og som likte det gamle betre. Men etter eg vart vant til det nye namnet syns eg i grunnen at det passar mykje betre, seier Holsæter.
Meininga med namneendringa er å endre fokus frå at det skal vere ein konkurranse til å vere ein møteplass for ungdom og kultur.
– Når du tenker over det, so er det jo heilt logisk! Det er ein møteplass og ein festival, og vi er trivselsgruppa, seier Holsæter.
– I kveld skal vi arrangere speeddating slik at alle vert kjende med nokon nye. I går hadde vi masse leikar, det var veldig kjekt.
Over hundre ungdomar i ein gymsal
– Det er det mange som er litt nervøse og syns det er kjekt å snakke med oss i staden for ein vaksen. Vi har vore med mange gonger før, og veit litt kva det går i.
– Det er lov å vere nervøs når ein skal sove i gymsal med hundre unge ein ikkje kjenner, men berre kom til oss! Vi skal hjelpe deg, avsluttar Holsæter.