Hopp til innhold

Sjå nøye på desse bileta: Denne kombinasjonen er heller uvanleg

Eli Anne Dvergsdal (22) frå Jølster driv med både fotball og motbakkeløp. Det er ein heller uvanleg kombinasjon.

Eli Anne Dvergsdal

ALLSIDIG: Eli Anne Dvergsdal frå Jølster kombinerer fotball og motbakkeløp/langdistanseløp.

Foto: Stig Høynes / NRK

– Det er fotball eg alltid har drive med, og det gjer eg framleis, seier 22-åringen, som i går, trass i sjukdom, suste inn til ein 2. plass i kvinneklassen i Førde Opp, berre åtte sekund bak vinnar May Britt Buer.

På førehand hadde ungjenta frå Jølster ingen forhåpningar i det heile. Ho har nemleg lege strak ut med influensa i nær ei veke. Ikkje var ho frisk i går heller.

– Før start hosta eg ein del, og hadde ilt i halsen. Men eg var feberfri og hadde lyst til å springe, så då tenkte eg at det var no berre å prøve, seier Dvergsdal.

Såg ryggen til Buer

Med ei veke utan trening i kroppen, tok ho det rimeleg piano frå start. Noko ho i ettertid funderer på om var rett.

– Eg tok det heilt roleg og tenkte at eg berre skulle jogge meg forsiktig oppover. Men etter ei stund merka eg at eg tok innpå Buer. Folk i løypa heia og meinte eg måtte gi på, så då prøvde eg det, seier Dvergsdal.

Og trass i sjukdom, svarte kroppen på utfordringa, så Dvergsdal tok jamt og trutt innpå Buer.

– Plutseleg såg eg ryggen hennar og då måtte eg berre gje alt. Hadde eg byrja litt før, så hadde det kanskje gått. Men det er umogleg å seie, seier Dvergsdal.

Søndag sit ho på bussen frå Jølster til Bergen, ikkje for å slappe av eller dra på bytur, men for å stille på midtbana til tabelltopp Sandviken i kvinnenes førstedivisjon i fotball. Frå før har Dvergsdal spelt for både Jølster, Førde, Kaupanger og Åsane.

Sandviken ligg an til å rykkje opp i Toppserien, og det ser Dvergsdal fram til.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

HAKK I HÆL: May Britt Buer vann kvinneklassen i Førde Opp knappe åtte sekund framfor Eli Anne Dvergsdal. Foto:Arne Stubhaug

Tok andreplass i motbakkecupen

Fotballinteressa starta då ho var med storebror på fotballtrening med gutane som 5-åring. Etter det har ho satsa for fullt.

Men dei som har følgt nøye med, vil ha sett Dvergsdal på resultatlistene på ymse motbakkeløp. Ho hamna til slutt på 2. plass i motbakkecupen 2014, 75 poeng bak vinnaren Kirsten Marathon Melkevik og 15 poeng framfor May Britt Buer.

For midtbanespelaren likar det når det er bratt og tungt.

– Eg har eigentleg ikkje begynt å satse på motbakkeløp, altså. Eg har vore med på mange løp, men det er fordi det er moro. Det er alltid fotballen eg har satsa på, seier Dvergsdal.

Siste året har ho hatt turnus som fysioterapeut både ved Førde sentralsjukehus og i indre Sogn, noko som ikkje har vore optimalt med tanke på spel for Sandviken.

– Det er ikkje ideelt å berre vere med på kampar, seier Dvergsdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eli Anne Dvergsdal på 10.000 meter i NM

SETTE NY KLUBBREKORD: Eli Anne Dvergsdal enda på fembeplass med tida 37.35,97 på 10.000-meteren under NM i friidrett

Foto: Rune Fossum / NRK

Har trent uthald for å bli betre i fotball

På spørsmål om ho no har tenkt å droppe fotball for motbakkeløp, har ho ikkje noko klart svar.

– Det kjem kanskje til eit punkt der eg må velje. Eg har lyst til å satse litt meir seriøst på motbakkeløp, men har ikkje tenkt å droppe fotballen, seier Dvergsdal.

Sjølv om ho har trent fotball, har ho heile tida trent uthald.

– Eg har trent på det for å bli verdas beste fotballspelar. Eg har tenkt at viss eg er hakket betre til å springe kjapt, gir det meg fordelar på fotballbana, seier Dvergsdal.

Ho peikar på at fjellturar alltid har vore ein naturleg del av oppveksten, og at ho slik har vorte godt van med motbakkar allereie som liten.

– Og så tykkjer eg det er veldig, veldig kjekt å springe. Sjølv då eg låg sjuk, tenkte eg på å komme meg ut å springe. Det gjer godt, seier Dvergsdal.

Motbakkeløpsesongen er snart på hell, men Dvergsdal har blinka seg ut eit par løp til som ho har tenkt å stille på.

– Eg blir med på Stolzen Opp og kanskje Lyderhorn Opp. Neste helg er det Trekktraseen Opp på Jølster, men den helga har vi kamp, i tillegg til at det er NM i halvmaraton, så det trur eg rett og slett ikkje eg får til, seier Dvergsdal.

Tyder på ekstremt uthald

Johan Kaggestad, som var landslagstrenar i friidrett langdistanseløp i ni sesongar og personleg trenar for både Grete Waitz og Ingrid Kristiansen, stadfestar at kombinasjonen motbakkeløp og fotball er heller uvanleg.

– Det er ingen vanleg kombinasjon, nei. Det tyder på at ho er svært godt trent. Eg tvilar på at det er mange fotballspelarar i Norge som er betre trent enn henne, seier Kaggestad, som peikar på at ho må vere ekstremt uthaldande.

Johan Kaggestad

SJELDAN: Ekspertkommentator i TV2, Johan Kaggestad, meiner kombinasjonen til Dvergsdal er heller uvanleg.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– No er fotball også ein idrett som krev at ein er uthaldande, men det er på ein annan måte, med høg intensitet over periodar og pausar innimellom. I eit motbakkeløp har du ikkje noko kvileskjer, seier Kaggestad, som er kjend som ekspertkommentator for TV2.

Han har stor tru på at Dvergsdal nyt godt av både styrken og uthaldet sitt, også i fotballen.

– Det er godt for Sandviken, for å seie det slik. Ho er tydelegvis godt trent, seier Kaggestad, som om to veker skal halde føredrag for nettopp Sandviken.

– Då får eg kanskje sjansen til å møte Dvergsdal og snakke med henne sjølv, seier Kaggestad.