Hopp til innhold

Youri (15) har ingen planar om å ta att «maratonkongen»

Youri van der Werve (15) sette kongen av maratonløp, Inge Asbjørn Haugen (60) på plass i sitt aller første maratonløp.

Youri Van Der Werve og Inge Asbjørn Haugen

DEBUTANT: Youri van der Werve tukta milslukaren framfor nokon, Inge Asbjørn Haugen, i sitt aller første maratonløp.

Foto: Stig Høynes

I mål skilte det 58 sekund mellom den ferske og den mest rutinerte maratonløparen i Norge .

15-åringen Youri Van Der Werve sprang inn til tida 3.47.00.

– Litt overraskande å slå Inge Asbjørn, men ei tid eg er godt nøgd med, fortel maratondebutanten.

Hafsås raskast

Helge Hafsås vann Hornindalsvatnet Maraton

VINNAR: Helge Hafsås var overlegen sigerherre i det 23. Hornindalsvatnet maraton.

Foto: Stig Høynes

Over 100 løparar stilte tradisjonen tru på startstreken i det 23. Hornindalsvatnet maraton. Vann gjorde Helge Hafsås (48) med tida 2.58.11, med teatersjef Terje Lyngstad på andreplass med tida 3.08.09.

Av 26 startande på maratonløpet, meiner Youri han vart den 11. raskaste løparen.

– Plasseringa betyr ikkje så mykje. Målsetjinga før start var å berre komme i mål, seier 15-åringen.

– Ikkje nedtur

Inge Asbjørn Haugen er den i landet som har sprunge flest maratonløp. Løpet i Hornindal var hans 477.

(Artikkelen held fram under biletet)

Start halvmaraton

HALVMARATON: Mellom 40 og 45 løparar stilte på startstreken på halvmaraton.

Foto: Stig Høynes

– Eg vann klassa mi, så eg kan ikkje vere misnøgd i dag. Youri er eit stort løpstalent, som har mange gode år framføre seg. Så det var ingen nedtur å bli slått av han, seier Haugen.

– Eg har sprunge litt halvmaraton før, så eg tenkte at no var tida moden for å prøve seg på maraton. Men det vart langt og varmt, vedgår han.

Vart tungt

Youri fortel han likar godt å springe i fjellet, og at han deltek på ein del motbakkeløp. Han er opphavleg frå Nederland, men er no busett i Hornindal.

– Eg opna roleg dei første ti kilometerane, men så fekk eg vondt i føtene. Det var tungt dei siste 10–15 kilometerane, seier han og vedgår at det rett etter målpassering ikkje akkurat freistar å prøve å ta att milslukaren frå Nordfjordeid sine 477 maratonløp.

– Nei. Aldri, ler han.

Nye løyperekordar

På halvmaraton var Mulugeta Cewde suveren vinnar med tida 1.08.50. Det er ny løyperekord med nær tre minuttar.

På ti kilometer sette også Eli Anne Dvergsdal frå Jølster ny løyperekord med 37.38. Også det ei forbetring på eitt par minuttar.

– Men vi hadde jo ny løype i dag, med fire rundar på nyevegen til Otterdal for maratonløparane, og to for halvmaraton. Eg trur ikkje den står tilbake for den gamle, seier Haugen.

Sprang over steinras

Haugen fortel at løypa vart lagt om grunna rasfare i Kjøshammaren utanfor Hornindal sentrum.

– Der har vi to år sprunge over eit steinras som ingen har reinska vekk. Men det verka som om folk likte løypa. Det var ikkje store motførestillingar å spore, seier han.

Han trur endringa er komen for å bli.

– Det er trafikkfritt og løparane treff heile tida konkurrentar slik at ein får ein peikepinn på korleis ein ligg an. Så er det ei publikumsvennleg løype også.