Hopp til innhold

Slik kan han sjå om du har alt i orden

Med dette utstyret kan Statens vegvesen på eit blunk avsløre om du ikkje har alt i orden i trafikken.

Geir Leon Hetle kontrollerer bilistar

KONTROLL: Inspektør Geir Leon Hetle i Statens vegvesen siktar inn kamera til kontroll av køyretøy. På ein skjerm får han opp kva bilar som ikkje har betalt avgifter, manglar godkjent EU-kontroll eller ikkje har forsikring i orden.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi brukar utstyret til å luke ut køyretøy frå trafikken. Dette er bilar som ikkje skal vere der, seier Geir Leon Hetle.

Han er inspektør i Statens vegvesen, og er med NRK.no ut på kontroll av bilar i morgontrafikken langs sterkt trafikkerte E39 i Førde.

– Det vere seg bilar som ikkje er framstilte for EU-kontroll eller annan lovpålagt teknisk kontroll, at eigar ikkje har betalt årsavgift, omregistreringsavgift eller at bilen ikkje har forsikring. Det er eit trafikktryggleikstiltak, seier Hetle.

Har blitt tryggare for bilistane

Saman med medhjelparane Mona Iren Lid og Arild Bruflot stiller inspektøren opp bilen med utstyret rett ved E39. Dei plasserer to kamera ved vegkanten. Inne i bilen koblar dei til ein skjerm.

Så er det berre å starte kontrollen. Hetle sit i bilen med ein liten skjerm, der han får opp alle registreringsnummer som passerer. Så snart det passerer ein bil med manglar, får han varsel om det.

Bilisten blir deretter vinka inn til nærmare kontroll hos kollegaene 200 meter lenge framme.

– Eg vil seie at dei fleste bilistar lever eit tryggare liv etter at vi tok i bruk denne bilen. No klarer vi på ein effektiv måte å plukke ut dei køyretøya som ikkje skal vere på vegen, seier Hetle.

(Artikkelen held fram under videoen)

Få demonstrert Statens vegvesen sin bil med utstyr for å scanne registreringsnummer og avsløre bilistar som har uteståande krav.

SLIK FUNGERER DET: Inspektør Geir Leon Hetle forklarer korleis utstyret fungerer i praksis. Video: Rune Fossum

Alt må vere i orden før førar kan køyre

Ein PC i bilen er kobla opp mot det sentrale motorvognregisteret. Er det bilar med registrerte manglar, vil kontrollørane frå Vegvesenet få dette opp på skjermen idet bilane passerer.

I verste fall kan føraren få beskjed om å levere kjennemerka på bilen. Men det er også mogleg å gjere opp for seg på staden - til dømes å få på plass forsikring.

– Ein kan også ordne manglande innbetalt årsavgift på kontrollstaden. Vi avskiltar ikkje bilar i utrengsmål. Men om ikkje alt er i orden, let vi ikkje bilisten køyre vidare, understrekar Hetle.

Kan bruke tida på fleire oppgåver

Sogn og Fjordane deler bruken av kontrollbilen med Hordaland. Erfaringane så langt er at om lag éin av hundre bilar har feil eller manglar - og dermed blir vinka inn av kontrollørane.

I løpet av den halve timen NRK.no får demonstrert utstyret, må fem bilistar stoppe og forklare kvifor ikkje alt er som det skal med bilen.

– Det er ein del som ikkje har ting i orden. Så dette er eit veldig nyttig verktøy for oss, seier Hetle.

Han er ikkje i tvil om at bilen med utstyret har positive ringverknader.

– No kan vi bruke tida på dei som faktisk har noko som dei må ordne opp i. Vi tek ikkje inn dei som har alt i orden. Det frigjer tid for oss til andre tiltak innan trafikktryggleik og kontrollverksemd.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vegvesenet sitt utstyr for å scanne bilar

KLAR FOR KONTROLL: Her står bilen med kamera kobla til ein PC klar til kontroll ved E39 i Førde.

Foto: Rune Fossum (MMS-foto) / NRK

– Det er ikkje moro, men må gjerast

Dei fleste som blir stoppa i kontrollane er vanlege bilistar - folk som ikkje vande med å vere i kontrollar. Reaksjonsmønsteret kan såleis vere svært ulikt.

– Nokon er gjerne litt nervøse, andre er forarga på både seg sjølv og oss. Andre igjen er faktisk veldige glad for å bli stoppa, då dei var uvitande om at dei hadde manglar, fortel inspektøren.

– Det er ingen god situasjon når folk ikkje kan ordne opp på staden, korkje bilisten eller for oss. Det er bilisten sjølv som må fjerne kjennemerket og levere det til oss. Så hjelper vi sjølvsagt til om det er naudsynt. Det er ikkje moro for oss, men det er eit arbeid som må gjerast, seier Hetle.