Hopp til innhold

Denne 15-åringen trenar 11 økter i veka

Robert André Moldestad (15) er blant dei beste i landet i både vektløfting og friidrett. Mykje hard trening ligg bak. Denne helga blei han noregsmeister i vektløfting.

Robert Andrè Moldestad

SIGER: Robert André Moldestad , på toppen av pallen, tek medaljar på nasjonalt nivå i både friidrett og vektløfting. Han må som alle multitalent snart ta eit val på kva han vil satse på.

Foto: Ola Bergheim

– Det var kjekt. Grådig kjekt. Artig, seier Moldestad om NM-gullet.

Breimingen sette ny personleg rekord både i rykk (74 kilo), støyt (88 kilo) og den samla poengsummen, og tok dermed sigeren i 62-kilos klassen.

15-åringen slo dermed også utøvarar som var både to og tre år eldre, fordi alle under 18 deltek i ungdoms-NM. Ein sterk prestasjon, men det var etter planen.

– Eg hadde forhåpningar om gull. Det var veldig jamt mellom første- og andreplassen. Men heldigvis greidde eg det, seier han.

Knallhard trening

Moldestad er ikkje berre eit stort talent i vektløfting, der han tidlegare har vunne junior-NM, men også i friidrett. I august vart han nummer tre på 100 meter under UM i friidrett, og det siste året har han pressa tidene ned med eit sekund, viser statistikk frå Norges Friidrettsforbund.

– Eg trenar for så vidt ganske mykje, ja, det kan du seie. Eg tel ikkje timar. Men det blir i alle fall 10 –11 økter i veka, seier 15-åringen.

Robert Andre Moldestad

88 KILO: Her set Moldestad ny personleg rekord i støyt.

Foto: Ola Bergheim

Ein skulle tru at skule og sosial aktivitet måtte lide med ei slik satsing, men nei, seier Moldestad.

– Det går fint å kombinere. Trening kan eg gjere på morgonen også, og då går det heilt fint. Det er det som er kjekt.

Trur han vil satse på friidretten

Norge kan miste eit stort talent i vektløfting, om ikkje Moldestad revurderer. For per i dag trur han det endar med friidrett, når han som andre multitalent må ta eit val om kva idrett han skal satse på.

– Det må nesten bli friidrett. Eg trur det, seier han.

Men konkrete og/heller hårete mål for framtida vil han ikkje sette. Ikkje enno.

– Vi får sjå kva som skjer. Vi får sette oss ned etter sesongen å tenkje litt. Men eg kan sei at eg skal bli best mogleg. Så god som eg kan bli, seier Moldestad.