NRK Meny
Normal

Deltakarrekord i Skåla Opp

Det går mot deltakarrekord i motbakkeløpet Skåla Opp i Loen. Løpet går til fjelltoppen Skåla 1848 meter over havet.

Løpet har alt 800 påmelde, og det er langt fleire enn på same tid i fjor.

Då fullførte 1020 menneske motbakkeløpet.

Fellesstarten har førebels 550 påmelde, med blant anna Oddbjørn Hjelmeset, Anders Aukland, Kristen Skjeldal, og Bjørn Dæhlie i spissen.