Dei valde å gi borna namn som få andre har

FØRDE (NRK): Foreldre har blitt meir kreative i valet av namn på borna sine. – Mange unngår dei mest vanlege namna, seier namneforskar.

Rune Førde og Mariell Vilnes Førde saman med borna

SJELDNE NAMN: Borna til Mariell Vilnes Førde og Rune Førde heiter Erian (9), Elivie (6) og Ellion (3). Biletet er teke i fjor.

Foto: Privat

Ekteparet Mariell Vilnes Førde og Rune Førde har gått for nokre heilt særeigne namn.

– Borna våre heiter Erian, Elivie og Ellion, fortel Vilnes Førde.

Eit namnesøk på Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at færre enn fire personar heiter Elivie og Ellion i Noreg. Erian er det vanlegaste av dei tre. Det er det 17 personar som har som einaste fornamn. Til samanlikning er det 7013 som har Ola som einaste fornamn.

Leika seg med bokstavar

Sjølv om ekteparet i Førde enda opp med namn som begynner på E, vurderte dei lenge å ha namn som begynner på O.

– Vi såg på tradisjonelle namn bak i slekta. Vi prøvde å finne om det var nokon på O, som Ola. Men vi ville ha litt sprekare og nyare namn. Det var slik det starta, seier Rune Førde.

I perioden dei skulle bestemme seg for namna, leika Mariell seg mykje med bokstavar. Ho ønskte ikkje at barna skulle ha heilt vanlege namn.

– Vi fann ut at vi ville lage eigne versjonar, seier ho.

Tala frå SBB viser at dei ti vanlegaste jentenamna i 1950 tilhøyrde 27 prosent av jentene som blei fødd. I 2018 var det same talet på 11 prosent. Namnegranskar Ivar Utne ved Universitet i Bergen trur småbarnsforeldre har eit større ønske om å skilje seg ut enn kva tidlegare generasjonar hadde.

– Dei vil oftare finne på noko nytt, og dei vil gjere noko ulikt det som har vore vanleg i åra før.

Populært med mange vokalar

Navneforsker Ivar Utne

NAMNEFORSKAREN: Ivar Utne ved Universitetet i Bergen.

Foto: Marit Stensby / NRK

Utne seier det har vore mange namnetrendar opp gjennom. På midten av 1900-talet ønskte foreldre også å skilje seg litt frå tidlegare generasjonar. Då skulle namna ha litt meir motstand, med namn som Katrine og Jan, og rundt år 2000 begynte ein ny trend å vekse fram.

– Vi ser at foreldre er veldig glad i namn som har mange vokalar. Og gjerne to vokalar inntil kvarandre, som i Mia, Sofia, Liam og Leon.

Familiar no til dags tenker også litt på praktiske omsyn i namnevalet, ifølgje Utne.

– Folk tenkjer nok først og fremst på at namnet skal passe i notida. Dei tenkjer også på at det ikkje skal vere mange med same namn i barnehagen eller klassen.

Tykkjer det er stas

Sjølv om foreldreparet i Førde er veldig fornøgd med namna til barna, innrømmer dei likevel at det kan oppstå vanskar.

– Problemet er at du må seie det fleire gonger, og gjerne stave det.

Sjølv om namna kan gjere at enkelte må spørje ein ekstra gong, har likevel venner og familie vent seg til dei særeigne namna. For foreldra er fordelane større enn ulempene.

– Namna er spesielle og unike, og det er ikkje så mange som heiter det. Det tykkjer også ungane er stas.

Desse jentenamna- og gutenamna har vore på namnetoppen i dei ulike fylka frå 1960 til 2017: