NRK Meny
Normal

Dei puggar seks timar dagleg for å nå draumane sine

SOGNDAL (NRK): Sherwan (17) vil bli dataingeniør og Ruta (16) vil bli lege. Dei skal berre pugge norsk seks timar dagleg først.

Ruta, Carolina og Sherwan på norskopplæringa i Sogndal

SPRÅKSPEL: Ein av metodane lærar Carolina Tveit Flotve brukar er eit spel der elevane får ulike norskoppgåver. Ruta (t.v.) og Sherwan følgjer nøye med.

– Det er heilt fantastisk å gå på skulen her. Eg vil takke lærarane og Norge for at eg får lov til å gjere det.

Sherwan er entusiastisk når han får spørsmålet om han trivst på norskopplæringa for mindreårige asylsøkjarar i Sogndal.

– Vi lærer ikkje berre norsk, men også matematikk, geografi og fysikk. Det er veldig bra, slår 17-åringen frå Syria fast.

Framleis famlar han og dei andre elevane litt etter dei norske orda, og engelskkunnskapane er gode å ha. Men når lærar Carolina Tveit Flotve spør om kva dei norske dagane heiter, kjem det på rams: «Måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag»

Flytta til folkehøgskulen

– Elevane er veldig motiverte. Det er ulikt kva skulebakgrunn dei har frå før av, så vi prøver å leggje opp undervisninga slik at vi skal nå alle. Eg synest i alle fall det er veldig kjekt å undervise dei, fortel læraren.

I eit gamalt, men lyst og fint klasserom på Sogndal folkehøgskule har norskundervisninga fått sin naturlege plass. Ved å plassere elevane der, så vonar kommunen og asylmottaket at språktrening og sosialisering skal gå enda betre.

– Mellom anna har vi kvar torsdag eit felles opplegg med folkehøgskuleelevane: Det fungerer veldig bra, fortel Flotve.

Sherwan og Ruta

IVRIGE ELEVAR: Sherwan frå Syria (t.v.) og Ruta frå Eritrea har begge flykta frå krig. I klasserommet finn dei fred til å lære.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

UDI rosar kommunen

Tidlegare har Utlendingsdirektoratet (UDI) vore kritisk til at ikkje alle kommunar klarer å oppfylle kravet om seks timar undervisning kvar dag.

Regiondirektør Sissel Mehammer rosar no Sogndal kommune for at dei vel å bruke så mykje ressursar på dei mindreårige, og at dei har plassert dei saman med andre unge på same alder.

– Vi veit at einslege mindreårige som bur på mottak i Norge er generelt sett veldig opptekne av å få opplæring. Dei er veldig motiverte for å skaffe seg den opplæringa dei kan få. Det at dei kan kombinere det med å vere på ein skule der dei også få kontakt med andre ungdomar på same alder, er ei veldig flott ordning.

Godt læringsmiljø

Ruta (16) kom frå Eritrea til Sogndal, og latteren og smilet kjem fort fram når vi spør om korleis ho likar å ha seks timar intensiv opplæring i norsk og andre fag kvar dag.

– Alle vi i klassen har blitt gode vener og vi hjelper kvarandre.

– Kva vil du bruke kunnskapen du får til seinare i livet?

– Eg vil bli lege, smiler Ruta.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote