Hopp til innhold

Dei pantsette bilane for å kjøpe fiskebåt – enda opp med milliardkonsern

STAD (NRK): For 32 år sidan kjøpte dei seg sin fyrste fiskebåt. No har selskapet i det vesle lokalsamfunnet blitt blant dei største fiskeriselskapa i landet.

Stig og Kjell Magne Ervik

STOLTE: Fiskarane Stig Ervik og tremenningen Kjell Magne Ervik kjøpte sin fyrste fiskebåt for 32 år sidan, no har dei over 400 tilsette, og er eit av landets største fiskeriselskap.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Då vi kjøpte den fyrste båten, var det for å skaffe vår eigen arbeidsplass og for å kunne bestemme sjølve. Så balla det berre på seg, seier Stig Ervik.

På Stad i Nordfjord har reiarlaget bygd to nye båtar på same tid. «Frøyanes junior» og «Vestkapp» er klare for Barentshavet. Her skal 60 personar ha arbeidsplass.

I år reknar Ervik Havfiske med å omsette for nær éin milliard kroner, og sysselset over 400 menneske. Det har blitt elleve nye båtar i fiske sidan 1998.

Historia speglar utviklinga i sjømatnæringa. I år kunne Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik (Frp) juble for at eksportverdien for fyrste gong kom over 100 milliardar kroner.

Båtane driv linefiske. Kilometervis med liner med agn skal få den verdifulle fisken på tusenvis av krokar.

– Kvotane har vore gode på torsk og hyse, og sidan 2015 har vi hatt gode prisar, seier dagleg leiar i Ervik havfiske, Stig Ervik.

Frøyanes junior, Vestkapp

INVESTERING: Til saman kostar desse to båtane 360 millionar kroner.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fiskar på begge sider av kloden

Båtane fiskar i nokre av verdas tøffaste havområde, i Barentshavet i Noreg, og i Rosshavet og Sør-Georgia mot Sørpolen.

Der jaktar dei på den ettertrakta patagonske tannfisken.

– Det er eit ekstremt hardt fiskeri. Det finst ikkje audare plass på jorda, seier Stig Ervik.

Kvar sesong varar i 100 dagar, elles ligg båtane til hamn i anten Montevideo i Uruguay, eller i New Zealand.

Fiske etter tannfisk i Sørishavet.

SØRISHAVET: I eit av klodens mest aude område finn Ervik havfiske den patagonske tannfisken.

Foto: Privat

Fiskeria la grunnlag for nytt hotell

Midt i bygda Leikanger, nokre få kilometer frå hovudkontoret til Ervik Havfiske, ligg det splitter nye hotellet.

Då Selje Hotel i nabobygda brann ned, var gode råd dyre. Brått sleit selskapet med å skaffe tak over hovudet til leverandørar og kundar. Løysinga vart å bygge hotell sjølve.

Ervik havfiske driv også rekneskapsfirma, salsselskap, nærbutikk og mekanisk verkstad på Stad. Berre i nærområdet har vel 150 menneske levebrødet sitt i konsernet.

– Vi er stolte av lokalsamfunnet, seier Stig Ervik.

Stig Ervik

HOTELLEIGAR: Stad Hotell opna i desember

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Tener mellom 700.000 og 800.000 i året

At fiskerinæringa er lukrativ syner også att om bord. Ein fiskar her jobbar fire veker, og har fire veker fri. På turane jobbar mannskapet skift, slik at halvparten kan ta frivakt.

Alle har eigen lugar med bad, dei kan nyte sauna, trimrom og komforten i salongen.

Ein fiskar som jobbar seks månadar i året tener mellom 700.000 og 800.000 kroner.

– Det er status å vere fiskar no. Det er kanskje ikkje slik det alltid har vore, seier Stig Ervik.

No har dei bestilt endå eit fartøy, som skal gå etter tannfisk sørpå.

– Båten er klar til 2021, seier Stig Ervik.

HØGTEKNOLOGI: Kjell Magne Ervik veit at skipperen vil ha full oversikt frå brua.

HØGTEKNOLOGI: Kjell Magne Ervik veit at skipperen vil ha full oversikt frå brua.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK