Normal

Dei nye skilta er på plass, men turistane gir blaffen i åtvaringane

Tysdag kom det opp nye og skilt som enno tydelegare opplyser turistane om farane ved Nigardsbreen. Men effekten let vente på seg.

Nye skilt

TIL INGEN NYTTE: Tekst har blitt bytt ut med sterke fargar og tydelege symbol. Men framleis ignorerer turistane farane, på jakt etter gode motiv.

Foto: Svein-Magne Tunli

I fjor omkom to tyske turistar ved Nigardsbreen, då ei isblokk kalva over dei. Naturforvaltar Inger Moe har vore ein del av arbeidsgruppa i Luster som i vinter har jobba for å betre tryggleiken.

Ho ser med uro på at nye skilt og sperringar ikkje har fått den ønska effekten.

– Diverre er eg ikkje så grueleg overraska. Det er ein del som framleis ikkje forstår at det er farleg å gå nær ein bre, seier ho.

– Vil alltid vere nokon som ikkje respekterer åtvaringane

Etter dødsulukka i fjor var det fleire som reagerte på at turistane ikkje vert godt nok informert om farane ved å gå nær breen.

I år har det kome nye skilt, med sterkare fargar og figurar i staden for tekst, i tillegg har tausperringane blitt bytt ut med kjetting. Men som BT melder i dag, turistane gir framleis blaffen.

Inger Moe seier dei enno ikkje er heilt ferdige med dei utvida sikringstiltaka.

– Men det skal vere godt nok allereie no til at folk burde sjå at det ikkje er trygt å gå heilt inntil isen, seier ho.

– Viss dette ikkje verkar, kva kan de gjere?

– Eitt av tiltaka våre er å auka tilsynet. Det kjem til å vere folk der dei fleste dagane i sommar, for å sørge for at skilt og sperringar ikkje har blitt teke av vinden. Men det vil alltid vere nokon som ikkje respekterer åtvaringane våre. I Norge har me fri ferdsel, så me må berre gjera det beste me kan, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ny sesong med nye skilt

FARLEG VAKKER: Kvar år lokkar Nigardsbreen turistar i hopetal til Jostedalen. Både naturforvaltar Inger Mo og breforskar Atle Nesje fryktar at nye liv kan gå tapt.

Foto: Svein-Magne Tunli

Vakthald kan vere eit alternativ

Breforskar Atle Nesje fryktar det kan skje nye dødsulukker. Han er sjokkert over at folk framleis vågar seg tett på det som kan vere ei dødsfelle.

– Eg er forundra over at turistane ikkje respekterer desse nye skilta, som burde tale sitt tydelege språk. Det må vere noko som ikkje gjer at turistane ikkje oppfattar at breen er i bevegelse og kan rase ut kva tid som helst.

Han har heller ikkje noko enkelt svar på korleis problemet kan bli løyst.

– Eg veit det har blitt diskutert å sette ut vakter. Men det er eit ressursspørsmål og opp til andre å avgjere, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune