Hopp til innhold

Dei lever det gode liv på stad

– Då vi fekk vår vesle jente vart det fødd nok babyar her til ei heil skuleklasse, fortel Merete Borgundvåg Pettersen.

Familie på Stad

FAMILIE: Elida, Merete og Ingolf utgjer medlemmane i familien Borgundvåg-Pettersen. Dei flytta til Borgundvåg, til Merete sin heimstad då dei vart tre.

Foto: Harald Kolseth / NRK

I kjøkenkroken står Ingolf Pettersen og traktar ein kaffikopp. Klesvaksen heng oppe i stova, og Merete Borgundvåg Pettersen voggar veslejenta Elida på åtte månadar på armen.

Det unge paret har flytta heim til Merete si heimbygd. Dei valde bort byliv i Ålesund med eit oppussingsprosjekt på eit småbruk i Borgundvåg på Stadlandet.

– Vi har det veldig godt her. Det er ein god plass for små barn å vekse opp, seier Merete Borgundvåg Pettersen.

Eit liv på og ved havet

Ekteparet møttest på sjøen. Merete kom om bord som kadett. Ho var ferdig med teknisk fagskule, og skulle ha seks månader med lærlingtid før ho fekk løyse styrmannssertifikat.

For henne som er fødd og oppvasken i fjøra var det ein naturleg yrkesveg å gå.

– Ingolf var min opplæringsansvarlege. Den jobben tok han seriøst, ler Merete.

Ingolf er frå Lofoten i Nordland, men han følgde etter Merete tilbake til Stadtlandet og til heimstaden hennar.

Ut i havgapet, så nærme jobben dei kjem eigentleg.

No skal mor tilbake i jobb. Ho er overstyrmann hos Siem pilot, på ein båt som ligg i opplag på Bryggja. Første tid tilbake i jobb blir heldigvis ikkje så langt vekke frå den vesle jenta heime.

– Det blir tøft. Absolutt, seier Merete.

– Men det er jo ein tryggleik at vi kan treffest av og til. Og så er det ei lita jente her også som nok sikkert blir glad for å sjå mor si sjølv om ho her på jobb, seier Ingolf.

Det gode liv på Stad

FRILUFTSLIV: Nærleik til havet og naturen er viktig. Dei har kjøpt og pussa opp eit småbruk ein kilometer frå Merete Borgundvåg Pettersen sin barndomsheim.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Trur fleire vel bygda

I eit hjørne har far gitarane sine, og vesle Elida har nok av tumleplass.

Folk Ingolf Pettersen og Merete Borgundvåg Pettersen var det viktig at Stadtlandet er ein fin plass for barn å vekse opp då dei bestemde seg for kvar dei ville bu.

Det året dei fekk Elida, vart det fødd nok små til ein heil skuleklasse på Stadlandet.

– Eg trur det er meir attraktivt å komme seg ut på landet. Folk er blitt litt meir fleksible med jobb. Mange jobbar nettbasert. Då går an å bu litt usentralt, trur Merete.

Dei håpar fleire barnefamiliar vil gjere som dei og trekke ut til havet ved Stadt. Det kan også vere hardt i hauststormane, men dei visste kva som venta då dei tok valet.

– Ein trur jo ein veit kva ein går til, men så blir det alltid litt annleis. Men vi har fått det veldig fint her. Vi er veldig fornøgde med tilværet, fortel det unge paret.